Grov omsorgssvikt, fysisk avstraffing, psykisk terror og seksuelle overgrep går igjen i den 300-siders rapporten om barneheimane i Bergen, som vart lagt fram i juni i år. Dette er den første granskinga i sitt slag i Norge, og kommunen varsla rekorderstatning til tidligare barneheimsbarn.

Men for nokre av dei 92 tidlegare barneheimsungane som hadde forklart seg til granskingsutvalet, var prisen høg.

Tre tok sitt eige liv etterpå.

Barne— og familieminister Laila Dåvøy har derfor bedt Senter for krisepsykologi om å evaluere den lokale granskinga i Bergen, før ho eventuelt gjev klarsignal til ei nasjonal gransking, slik mellom anna SV og Ap har tatt til orde for.

- Klokt å tenkje seg om

— Det er klokt å tenkje seg om, før ein utfører same type gransking i resten av landet, seier leiar for Senter for krisepsykologi i Bergen, Atle Dyregrov.

— Vi må spørre oss om det finst ein meir skånsom måte å gje folk kompensasjon for det dei har vore utsette for, enn å la dei gå gjennom ei opprivande, rettsleg kvern.

Senteret vil be granskingsutvalet om å sende ut spørreskjema til dei tidlegare barneheimsbarna, og dessutan spørre om nokon vil la seg djubdeintervjue.

— Dette skal ikkje handle om kva dei opplevde på barneheimane, men om korleis dei opplevde mediedekninga og møtet med kommisjonen, understrekar Dyregrov overfor BT.

— Etter mitt syn vil ei slik evaluering gje langt breiare grunnlag for å avgjere kva som bør gjerast i resten landet.

- Må gå forsiktig fram

Også stortingsrepresentant Ågot Valle (SV) er oppteken av at ei nasjonal gransking må skje varleg.

— Til no har modige enkeltpersonar gitt overgrepa eit ansikt i det offentlege rommet. Det har kosta, meiner Valle.

— Vi må lære av erfaringane i Bergen, og gå meir forsiktig fram. Avdekking av slike overgrep kan ikkje vere avhengig av at sterke enkeltpersonar klarar å ta på seg belastninga.

Men Valle er klar på at det er nødvendig med ein systematisk gjennomgang av forholda på alle norske barneheimar i perioden 1950-1980, og vil gje erstatning til dei som har vore utsette for overgrep.

— Det er ingen grunn til å tru at slike overgrep berre skjedde i Bergen og Oslo. Tvert i mot. Stiftelsen Rettferd for taperne rapporterer om liknande, rystande historier frå tidlegare barneheimsbarn frå heile landet, frå alle fylke.

Ulike erstatningsordningar

Stortingets kontroll- og konstitusjonskomite, der Valle er leiar, har no samrøystes skrive brev til barne- og familieminister Laila Dåvøy.

I brevet får statsråden spørsmål om ho har oversikt over omfanget av overgrep mot norske barneheimsbarn i perioden 1950 til 1980, og om korleis slike overgrep kunne skje.

I løpet av året skal elles ei arbeidsgruppe nedsett av Regjeringa, legge fram ein rapport om ulike erstatningsordningar for forskjellige grupper. Innstillinga vil gje eit godt vurderingsgrunnlag også for krav frå tidlegare barneheimsbarn.