Etter å ha produsert olje for rundt 30 milliardar kroner på britisk sokkel sidan 1983, har «Maureen Alfa» gjort si teneste for eigarane Phillips, Fina, Agip, BG International og Pentex Oil. «Maureen» blei konstruert i Skottland, og endar sine dagar på motsett side av Nordsjøen. I 18 år stod den 241 meter høge kjempa sørvest for Sleipner-feltet og pumpa opp 223 millionar fat olje.

95 prosent gjenbruk

Plattforma blei løfta opp frå ståstaden på 95 meters djup i sommar og deretter slept inn til Digernessundet på Stord. Førebuingane til opphogginga har pågått sidan, og i vinter startar arbeidet for fullt.

Stålplattforma er konstruert med sikte på resirkulering. Målet er å attvinna minst 95 prosent av stålet.

I februar kjem kjempekranskipet «Asian Hercules II» for å løfta på land avbrende modular. I alt 6000 tonn av hovuddekket skal plasserast på Eldøyane, der Aker Stord hogg opp «Odin»-plattforma frå 1996.

I mars skal sjølve plattformdekket overførast til lekter og skipast inn til Eldøyane.

Kostar 1,5 mrd kroner

Phillips og samarbeidspartnarane hadde håpa at andre ville kjøpa «Maureen» for oljeoppdrag andre stader. Då det ikkje dukka opp interessentar, gjorde eigarane avtale med Aker Maritime om demontering på Stord.

Heile demonteringa er kostnadsrekna til halvannan milliard kroner. Aker Offshore Partner og Aker Stord sin del av oppdraget er verd knapt halvparten.

Aker Stord har i haust teke på land «Maureen»s lastebøye.

Statens forurensningstilsyn (SFT) har godkjent demonteringsprogrammet. Blant anna var det store mengder marin groe og ballastvatn å reinsa og fjerna frå plattforma.

Blir kai

«Maureen Alfa»s 50.000 tonn tunge understell blir fundament for ein ny industrikai som Aker Stord skal byggja inne på verftsområdet. Utfyllinga vil gje verftet eit 19 mål stort tilleggsområde. Også kaianlegget er spesialgodkjent av SFT, ettersom det i sjøen utanfor verftet ligg større mengder PCB frå gammalt av. Aker Stord har fått godkjent ein metode for innkapsling av ein 10.000 kubikkmeter stor PCB-haldig masse. Gjørmemassen skal pakkast i fiberduk og plasserast innerst i nyekaien, opplyser informasjonsleiar hos Aker på Stord, Alf Terje Myklebust.

STORJOBB: Aker Stord går i vinter for alvor laus på demonteringa av den britiske plattformkolossen «Maureen Alfa», som har lege i Digernessundet sidan i sommar.
FOTO: ARNE NILSEN