Der slo Torheim fast at fyremålet er å lasta og mistenkjeleggjera, og til slutt drepa tiltak som han etter sitt målsyn burde vera med og verna. Men folk som let seg styra av hemntankar er fårlege når dei bryt grensor for sømd og folkeskikk.

No er Torheim tilsynelatande uppteken av noko som han kallar heider , eit ord som ein etter skrivingi hans skulde tru at han ikkje kjende. «Heider i namnet » er tittelen, og i konklusjonen på artikkelen hans heiter det: «Heidersord og heidersnemningar fær me høyra jamt og samt, men det er ein heider i namnet og ikkje i gagnet».

Fyrr han kom til denne konklusjonen hadde han boltra seg um Henrik Krohn, ein kulturinstitusjon i Bergen på 1800-talet. Torheim hev ingen vyrdnad for ein mann som Krohn, og han let ille yver at stjorni i Vestmannalaget hev «tømt» Krohn-legatet (som var bergensk kulturarv). Sanningi er at Vestmannalaget for mange år sidan auka det legatet med ein munaleg sum avdi me tykte det var for lite. No er det gjort til eit brotsverk at stjorni hev gjeve lån frå fondet til utgjeving av bok um Krohn!

Torheim er ein meister i mistenkjeleggjering. Han må ha mykje å hemna for at han vart vraka til bladstyrar i Vestmannen og at han tapte kampen um Vestmannalaget. Verst av alt er at han auser or seg vondskap um forfattaren Jostein Krokvik som tok på seg å halda fram i Vestmannen etter at ei dugløysa hadde burtimot øydelagd bladet.

Og so er det Norsk Bokreidingslag som atter er i berrhogget, og denne gongen verre enn fyrr. Eg er so gamal at eg var med å skipa Norsk Bokreidingslag i 1939, og eg hev fylgt laget i alle år, men eg hev aldri vore forlagskonsulent for Jostein Krokvik. Det er fri dikting, eit sterkare ord lygn er rette nemningi.

Sidan Torheim held fram med æreskjelling og synest ha til mål å drepa det einaste forlaget som gjev ut bøker på det målet som han sjølv skriv, må det vera grunn til å spyrja kor lenge BT vil lata han herja debattspaltone med innlegg mot målsamskipnader her vest. Han bør koma med påstandane sine i sitt eige blad Målmannen. Det er so fåe som les det.

Og etter som Torheim hev vurdert boki um den bergenske kulturmannen og målreisaren Henrik Krohn som ei «rotut» bok, vonar eg at BT vil lata ein av sine litteraturmeldarar vurdera den boki. For til no hev ho ikkje vore meld i det leidande bladet her vest.

Ludv. Jerdal, formann i Vestmannalaget 1950-56 og 1957-91