Etter det massemedia fortel, kan ein tru at Bygde-Noreg skal avviklast. Små bygder og utkantstrok ser ikkje ut til å vera liv laga. Like fullt var det dei små bygdene som berga oss i krig og kriser. Der fanst det litt mat når alle lager var tomme, både i byar og i tettstader. Matauke vart eit slagord i dei dagar, og grev og spade kom fram att.

Då Bergensbana opna i 1909, såg det lyst ut i verda. Alle trudde på fred og framgang, aldri krig meir, korkje her heime eller ute i verda. Likevel kom det to skremmande verdskrigar i det hundreåret, og ei mellomkrigstid med arbeidsløyse og økonomisk depresjon. Avbrotne gevær symboliserte fredsrørsla. Slik kan ein ta feil.

I slike tider er me glade for å ha gardar også i utkantane. Også i dag har me skremmande kriser og krakk. Smittsame og farlege sjukdomar er på veg inn. Aids og tuberkulose er berre to av dei.

Skal gardar og grender avfolkast, misser me store verdiar, ikkje berre økonomisk, men endå meir når det gjeld helse, trivnad og arbeidsglede.

Bondeyrket vert nedvurdert i dag, men det kjem nok andre tider. I sydlegare land svelt folk i hel i tusental, for ikkje å seia i millionar, og farlege sjukdomar spreier seg som eld i tørt gras. Det landet som har råvarer sjølv og klarar å utnytta dei, har framtida for seg.

Men i vår tid er det ikkje berre eit spørsmål om varer og produksjon, prisar og marknader. Me vert herja av ein fæl «sjukdom» som heiter kravmentalitet, ein slags svartedaude av verste slaget. Mykje vil ha meir og får aldri nok. Lønnskrav og fallskjermar knekkjer vår økonomi og trugar vårt pengesystem.

Ein kan få hug å snu livshjulet den andre vegen. Det er vanskeleg, men me kunne kanskje nytta våre ressursar betre, t.d. ved å foredla råvarene sjølve, og fordømma dette nedleggingshysteriet som avfolkar bygdene våre. Ei desentralisering er naudsynt. Det er molbupolitikk dette å senda bondevarer fram og attende på milelange vegar i staden for å ha mindre einingar. Alle veit at mjølka taper seg di meir ho vert «medsutla» og slaktefeet lyt tola dyrplaging. Det er på tide at bøndene tek skeia i eiga hand, endå om byråkratiske sjefar strittar imot. Me treng meir sunt folkevit. Pengesamfunnet krev pengar i kassen, men pengar er ikkje alt her i livet, sa kong Midas. Han heldt på å svelta i hel, for alt han tok i vart omskapt til gull.

Den kjende historikaren Toynbe vil ikkje skremma oss, men han gjev oss ei åtvaring når han fortel at så langt me kjenner soga, har det funnest 26 store verdsrike. Romarriket var eitt av dei. Dei levde i 1500 år, ja, kanskje nærare 2000 år, men då drukna dei i si eiga gift. Dei klarte ikkje å reinsa seg. Sjølvforgifting er truleg like farleg som matmangel.

Det er med sorg me ser at gardar og grender vert avfolka, og at me legg ned avdelingar på sjukehusa våre, samtidig som me auser ut millionar, eller rettare sagt milliardar, på framande som vil inn i landet. Nokon kallar det molbupolitikk, andre kallar det nedleggingshysteri og meiner at staten burde premiera dei som held dyrka jord open og ikkje let skog og kratt veksa inn på dyrka åker og eng.

Våre etterkomarar kan få det hardt dersom dei ein gong vert nøydde til å leva av jord, skog og bufe. Mange av våre styrande må vera kortsynte. Dei ser ikkje skogen berre for tre.

Vår tid trur på pengane. Men kva hjelp er det om pengeflaumen veks, dersom vår kultur og moral er på veg ned? Dei store sentra treng meir politi, utkantfolket er strevsame og set store krav til seg sjølve. Me har ikkje råd til å missa dei. Me lever ikkje berre av brød i våre dagar heller.

Det er vel og bra at storgardane kan driva rasjonelt og på den måten halda oppe ein stor del av produksjonen. Men det er ikkje nok. Me treng dei små like mykje som dei store. Landskapet vårt høver ikkje til einsidig stordrift. Me har i lange tider vorte tvinga til å kombinera fleire næringsvegar. Korleis skulle folk ha klart seg på vår lange kyst, eller inne i fjordane, oppe i dalane, om dei ikkje hadde kombinert og utnytta mange ulike næringsgreiner?

Mange av desse småbruka har klart seg godt, betre enn dei veldig store som har lett for å gå overende.

Det finst ein slags stormannsgalskap i vår tid. Mange vil vera sjefar, men det me treng, er solide, trufaste folk som både vil og kan sitt yrke, dvs. utføra kvalitetsarbeid kvar på sin plass. By og land hand i hand er ikkje berre eit ordtak. Me treng kvarandre. I det samarbeidet er dei middels store, ja, også dei små, umissande. Difor burde staten styrkja dei små, dei som står nedst på stigen, i staden for å avskriva dei.

Me er alle i same båt. Det har kome så mangt eit godt hovud og så mangt eit dugande arbeidsmenneske frå utkantane. Me har ikkje råd til å missa dei. Dei bør få levelege vilkår. Skjer heller ned på byråkratiet som er ei belastning både for kommune og stat. Ei forenkling i samfunnsmaskineriet er langt viktigare enn å slå ned på dei små produsentane.

Av Anders Ohnstad