Årdal fekk polutsal då styret for Vinmonopolet i går gav 20 nye tildelingar. Det kan industristaden takke Jan B. Paulsen for.

Også Stryn i Sogn og Fjordane og Bømlo i Hordaland vart tildelte polutsal i går.

— For Årdal var dette sanneleg på tide, seier Paulsen til Bergens Tidende. Til dagleg er han sivilingeniør på Norsk Hydro, på fritida har han kjempa polsaka i Sogn og Fjordane frå 1978.

— Det har vore alt anna enn ein lett jobb, seier Paulsen.

«Takk for innsatsen»

Og innsatsen hans gjorde inntrykk heilt til topps på Polet. For då dåverande poldirektør Einar Joys 14. oktober 1991 opna det første Vinmonopol-utsalet i Sogn og Fjordane, i Førde, mottok Jan B. Paulsen ei ekstra stor champagneflaske: «Til Jan B. Paulsen, med takk for innsatsen. Frå Einar Joys.»

— Korleis oppfatta du denne helsinga i Førde, som nettopp Årdal tapte polkampen mot i 1991?

— Det var kanskje ei takk fordi Joys hadde teke poenget med at Sogn og Fjordane var blitt omvendt frå pol-fiendtleg til pol-vennleg. Og han hadde nok merka seg namnet mitt i den utviklinga, seier Paulsen.

— Fekk du tilnamnet «polgeneral» av Einar Joys?

— Det veit eg ikkje, men «polgeneral Paulsen» er godt innarbeidd i saker som dreier seg om utsal av vin og sprit i Sogn og Fjordane, seier han.

Også Stryn og Bømlo

Polet i Årdal skal også dekke Lærdal. Begge desse kommunane har hatt Polet i Sogndal som næraste alternativ. No slepp dei bokstaveleg talt å gå over bekken (Sognefjorden) etter sprit og vin.

— Polet blir ei vitalisering av næringslivet i Årdal og ein styrke for handelsnæringa, seier Jan B. Paulsen.

Poltildelingane i går ettermiddag var spreidde frå Båtsfjord og Kautokeino i nord til Farsund og Lillesand i sør. Det betyr at det også blir tettare med polutsal i ferieperlene på Sørlandet til sommaren.

— Vi har lagt særleg stor vekt på at dei nye butikkane våre skal plasserast i område i distrikta der det i dag er lang veg til næraste vinmonopolbutikk seier administrerande direktør Knut Grøholt i Vinmonopolet til Bergens Tidende.

REKORD: Jan B. Paulsen i Årdal kunne sprette champagnen i går. Ifølgje Vinmonopolet er det ingen som har kjempa polsaka så lenge som han. I går vart Årdal, Stryn og Bømlo tildelt polutsal.
FOTO: JENS HAUGE