PER MARIFJÆREN per.marifjareren@bt.no

Sjukehuset opplyste tysdag kveld at det er snakk om lettare skader. Bilen, ein eldre Ford Sierra, er for vrak å rekne etter medfarten inne i tunnelen.

Ifølgje vitne på staden var asfalten svært glatt i hjulspora inne i tunnelen. Vatn som risla ned ved tunnellmunningen var spreidd innover i tunnelen av trafkken, og hadde der frose til ei såpeglatt hinne.

Ulukka skjedde i Nordheitunnelen mellom Askvoll og Førde, ikkje langt unna Blomlia skisenter. Bilføraren frå Sunnfjord var aleine i bilen på veg i retning Førde då han fekk sleng. Han skrensa først mot tunnelveggen på høgre side, før bilen stoppa med fronten mot venstre tunnelvegg.

Ulukka skjedde omlag klokka 17.10, og både ambulansar og redningsbil var raskt på plassen.

Føraren sat ikkje fastklemt, men redningsfolka brukte lang tid på grunn av faren for nakke— og ryggskader.

ULUKKESSTADEN: Ulukka skjedde omlag klokka 17.10, og både ambulansar og redningsbil var raskt på plassen. (Foto: Per Marifjæren)