ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

Forsvararen vart dregen inn i ein korrupsjonssak i politiet, men mistanken mot henne vart etter kort tid lagt bort. Likevel har det gått sterkt inn på advokaten at ho var mistenkt for kriminell verksemd. Ho er no sjukmeld ut månaden.

– Framdrifta i spritsmuglarsaka i Indre Follo herredsrett på Ski har stogga, og kjem tidlegast i gang att over pinse, opplyser aktor, politiinspektør Gordon Petterson, til Bergens Tidende.

Ein annan advokat er sikta i saka. Under ransaking i bilen hans i januar kom politiet over hemmelege politidokument. Økokrim etterforskar korleis advokaten har fått fatt i dokumenta.

Ein teori går ut på at spritsmuglarane har ein medhjelpar i politiet. Politiet skal for tida driva klappjakt på «det rotne eplet» i eigne rekker. Ein annan teori er at spritsmuglarane har stole den hemmelege rapporten, og brukar han for å kvitta seg med ein brysam politimann.

I straffesaka på Ski er ein Svinesund-tollar tiltala for å ha hjelpt smuglarane.

Hovedtiltalte sjølv, ein 45 årig Oslo-mann som har gått under namnet «Formannen», har levert sjukemelding for tarminfeksjon, truleg etter matforgifting, opplyser Petterson.

Frå før har aktor problemet med ei sjukemelding frå Bergen. Ein 36-åring frå Fana skulle ha møtt i retten tiltala for smugling av 120.000 liter sprit over Svinesund, men sende legeerklæring i staden. Difor må store delar av den omfattande rettsaka takast om att for hans del.

Medan saka mot distribusjonsapparatet har stogga opp på Ski, nærmar sluttspurten seg i Oslo byrett. Der har dei som er tiltalte for sjølve smuglinga halde det gåande sidan 18. april. Det er venta at saka kan takast opp til doms mot slutten av første veka etter pinse.