Lærarane lukkast med taktikken ved å stilla i eigen divisjon. Dei aksepterte dessutan nye arbeidstidsordningar for å få auka løn.

Sjukepleiarane har 35 andre yrkessamanslutningar på sjukehusa hengjande i skjørtet, og det er lite som tyder på at dei streikande er viljuge til å gå med på meir fleksible arbeidstidsordningar, slik arbeidsgjevarane ynskjer.

Knapt nokon kan tru at eit eventuelt separatoppgjer for sjukepleiarane ikkje vil få konsekvensar for resten av helsesektoren. Det er utsikter som får mang ein budsjettansvarleg politikar til å grøssa. Sjukepleiarane har dessutan valt seg ei slagmark som mange andre har forlete.

FOR SJUKEPLEIARANE er grunnløna og normalarbeidstida det viktigaste. For lækjarane er det sluttsummen på lønnskontoen som tel. Det er ingen tvil om kva strategi som har gjeve mest utteljing på kredtittkorta.

Lækjarane har dispensasjon frå arbeidstidsfastsetjingane. Dei har gått med på ein fleksibilitet i arbeidsinnsatsen som arbeidsgjevarane set pris på — og som utløyser feite lønstillegg.

Noko av den same fleksibiliteten ønskjer arbeidsgjevarane - om det er stat, fylkeskommune eller andre – at sjukepleiarane også vil visa. Og gulrota er hengt ut.

I fjor var leiinga ved Haukeland sykehus viljug til å betala operasjonssjukepleiarar 423 kroner timen i planlagt overtid for å auka operasjonskapasiteten. Dei tilsette var meir enn viljuge, fagorganisasjonen nekta blankt. Dei tillitsvalde meinte at medlemene berre kom til å slita seg ut.

DENNE TYPEN fagforeiningssolidaritet er sterkt utsett for tidas tann. Så er det då heller ikkje noko einsarta lønsregime på sjukehusa lenger. Etter at fylkessjukehusa vart frislepte i 1996, har det utvikla seg store lønsskilnader, med rom for lokale forhandlingar, både for einskildpersonar og grupper.

Sjukepleiarane ved det streikeramma Fylkessjukehuset på Voss tener faktisk meir enn kollegaene på Rikshospitalet, som dei streikande brukar som utgangspunkt for krava etter den statlege overtakinga av fylkeseigde sjukehus. Dei streikande brukar grunnløna som flaggsak for å demonstrera kor dårleg betalte dei er. Men dersom sjukepleiarane vil vinna både opinionen og lønskampen, bør dei leggja litt av offersyndormet til side.

Det er ikkje sikkert det er så skrekkeleg synd på sjukepleiarane. Men det kan godt vera at dei fortener høgare løn dersom dei gjer sitt til å forbetra og effektivisera helsevesenet.