Av Bjørg Holm,Voss

Grunnen var ei 40 siders motmelding frå 10 medisinarar som er sterkt kritiske til helseminister Tønnes planlagde helsereform. No skal Helse-Noreg organiserast i fem regionar. Dette vil, etter deira oppfatning, rasera helsetilbodet til svakare grupper – dvs. gamle og funksjonshemma.

Denne sjukehusreforma er den største i Noreg nokon gong. Ho vart handsama på rekordtid av regjeringa Stoltenberg. Høyringsfristen er dessutan altfor kort.

No er det på tide at brukargruppene, fagrørsla, folk flest og ikkje minst dei tilsette i helsestellet – engasjerer seg og tek til motmæle.

Korleis kan politikarane i Stortinget – med ei regjering som skal ha fellesskapstankar og solidaritet som sin historiske arv, gå inn for ei slik reform?

Korleis kan det vera mogleg å kjøra gjennom ei slik gjennomgripande endring i helsevesenet utan ein meir omfattande samfunnsdebatt på førehand? Vert folk flest bondefanga – eller «tatt på senga»?

Konsekvensane for dei minst lønsame pasientgruppene kan verka skremmande. Eldre og kronikarar vil snart vera sist i køane. Dette viser røynsler frå andre land der marknadsbaserte sjukehussystem er innført, bl.a. på New Zealand og i Storbritannia.

Dersom helsevesenet skal baserast på rein marknadsfilosofi som det mest lønsame, på stykkprissystemet, vil alle vi som ikkje nett kan få ferdigstempelet i panna etter kort tid, bli nedprioritert. Såpass skjønar ein då. Dei friskaste pasientane går først og omgrep som kvalitet på livet og rehabilitering vil neppe verta satsingsområde.

Kvifor er dette så gale? Vara er ikkje målbar på same vis som i ei vanleg bedrift. Omsorg og behandling av menneske let seg ikkje telja slik økonomane tenkjer. Då vert dei eldre og brukarar med kompliserte lidingar dei tapande. Dette er det første, store steget mot ei større forskjellsbehandling i det norske helsevesenet.

Skal vi berre sitja og venta på dei neste utan å reagera?