— Vi har ikkje opplevd maken før. Over halve klassar har vore sjuke, seier rektor på Liland skole i Bergen, Gyri Skre.

I ein klasse på 22 elevar var halvparten sjuke førre veke. I ein annan klasse måtte ti av 25 elevar halde seg heime, fortel Skre til BT:

— I fem-seks klassar har vi hatt fråvere av denne storleiken.

Dei fleste sjuke elevane var heime i tre-fire dagar før dei var tilbake på skulebenken igjen. Også fleire av lærarane ved Liland skule har vore sengeliggjande. Men etter to tøffe veker ser sjukdomen no ut til å vere på retur.

Men Bergen legevakt har merka lite til at fleire bergensskular har vore herja av sjukdom den siste tida.

— Vi har hatt både eldre og yngre pasientar med kvalme, oppkast og feber dei siste vekene. Men mange barn har vi ikkje hatt her hos oss, seier overlege Torbjørn Hiis Bergh til BT.

Kva sjukefråveret dei siste vekene skuldast, er uvisst. Men forskar Olav Hungnes ved Folkehelseinstituttet er tvilande til om det er influensa som har vore på ferde.

— Dette høyrest ikkje ut som typisk influensa, sjølv om barn kan ha høgare førekomst av magesymptom enn vaksne ved influensa, seier Hungnes.

Men vi slepp ikkje unna denne gongen, heller. No er nemleg influensaen undervegs til Vestlandet.

— Det byggjer seg opp til eit utbrot om nokre veker, seier Hungnes.

— Kva type er det denne gongen?

— Alle typar er til stades, men i andre land har det vore mest Influensa B, som rammar færre vaksne. Dermed blir andelen barn med influensa større.