kristine.holmelid@bt.no

Sju personar berga seg ut av eit brennande hus ved Solesnes i Jondal natt til søndag. Dei sju vakna av røykvarslaren, og klarde å ta seg ut av huset utan skader.

Huset blei totalskadd i brannen.

— Berre skalet står att, seier vaktsjef Sigmund Vestrheim hos politiet og lensmannen i Odda.

Politiet fekk melding om brannen ved 3.15-tida, og om lag 45 minutt seinare var det lokale brannvernet på staden.

Brannen starta i første etasjen, men et er førebels uvisst kva som var årsaka til brannen.