kristine.holmelid@bt.no

Dei sju vakna av røykvarslaren, og klarde å ta seg ut av huset utan skader.Bustaden, som er 17 år gammal, blei totalskadd i brannen.

— Berre skalet står att, seier vaktsjef Sigmund Vestrheim hos politiet og lensmannen i Odda.

Politiet fekk melding om brannen ved 3.15-tida natt til søndag. Om lag 45 minutt seinare var det lokale brannvernet på staden.

Brannen starta i første etasjen, men årsaka til flammane er førebels uviss.