Av Dag Hellesund, Journalist i BA

Men eg trur aldri eg har kopla løgn og fri fantasi til vondsinna karakteristikkar slik BT klarer i søndagens BT:

«Det er bare så vidt Bergens Tidende har fått komme inn på broen, denne fantastisk fine dagen idet «Stord», som går mellom Halhjem og Sandvikvåg, glir ut på en blank Bjørnafjord.

Kaptein Bentzon har nettopp kastet to fra Bergensavisen på land igjen, og BT har antagelig bare fått slippe til fordi vi generelt lager en mye bedre avis og spesielt fordi vi opptrer både høfligere og lurere. For stemningen er årvåken.

Journalister nesten skumlere enn promillekontroller».

Skrivefeilen i siste setning står BT for. Og dersom dette er representativt for den journalistiske standarden i BT, er eg optimist på BAs vegne. Det var eg som var den tydelegvis dumme og uhøflege journalisten fra BA. Eg kan opplyse BT om at vi ikkje blei kasta av «Stord».

Vi var på Halhjem for å snakke litt med folk i ferjekøen, og for å høyre om mannskapet ville uttale seg om fylleskandalen i HSD. Eg trur vi heile tida opptrådde rimeleg høfleg, og det har eg òg fått stadfesta av dei vi snakka med om bord på ferja. Om vi er idiotar får andre svare for.

Ingen av mannskapet ville kommentere fylleskandalen med namn og bilete, og det respekterer eg sjølvsagt. Eg har merka meg at heller ikkje BT fekk nokre kommentarar om det, trass i kor høfleg og lur BT-journalisten tydelegvis er.

Eg fekk aldri snakka med kaptein Bentzon om bord, for han var på kontoret sitt, ikkje brua. BA gjekk av ferja fordi ho skulle gå frå Halhjem, og vi ville ikkje bli med den to timer lange turen til Sandvikvåg og tilbake igjen. Men eg har snakka med både kapteinen og styrmannen i ettertid. Begge stadfestar at BA aldri har blitt kasta av ferja, og begge reagerte sterkt negativt på det uriktige som stod om BA.

Korleis BT kan ha tatt så feil, veit eg ikkje.

Kanskje BT bør byrje med å promilleteste eigne journalistar?

Det tener heller ikkje til BTs ære at dei nekta å ta inn ei retting av artikkelen i mandagsavisa.

Dei hevdar at avsnittet var humoristisk meint.

Ingen lesarar eg har vore i kontakt med har oppfatta avsnittet som noko anna enn sjølvgodt og vondsinna. Andre har spontant tatt kontakt med kollegaer av meg, og sagt det same.

Denne saka er alvorleg fordi den spreier eit løgnaktig bilete av at arbeidsmetodane til BA er skitne. Det er ikkje sant, og det veit BT godt.

Eg er forbanna, men burde ha vore glad. Med slike arrogante og sjølvgode journalistar, som ikkje skil mellom fakta og eigen fantasi, går BA lyse tider i møte. Diverre veit eg at ikkje alle i Krinkelkroken er fullt så «høflege» og «lure» som BT-journalisten sjølv meiner ho er.