OVE A. OLDERKJÆRove.olderkjaer@bt.noStord

Ingeniør Alf H. Brekke i Senior Engineering hevdar i ein rapport til advokat Kjell Steinsbø at aluminiumplater i skroget og sveisar på "Sleipner" var for veike. Bøye— og strekkprøvar utført av Aker Maritime viser ein brotstyrke på berre 40-80 prosent av den styrken som er lagt til grunn for dimensjoneringane, konkluderer han.

Det er innfestinga av bulbbaugane - vasslineforlengarane framme på kvart av skroga - som kan ha svikta og overraskande ført "Sleipner" ut av kurs slik at skipet rente på Store Bloksa. Det skriv Alf H. Brekke, som kritiserer granskingskommisjonen for å ha teke for lett på problemstillinga.Baugbulbane er ikkje tekne opp frå sjøen etter havariet. Før havariet blei det registrert vassinntrenging i bulbane. Brekke kjem også med skarp kritikk mot godkjenningsinstansen Veritas og mot Marintek, som granska "Sleipner"-vraket på vegne av kommisjonen utan å finna noko alarmerande ved materialkvaliteten.

Trass kritiske merknader til fleire instansar i samband med "Sleipner"-ulukka, poengterer Alf H. Brekke at det australske verftet Austal Ships er ansvarleg for både materialval, utrekningar, bygging og sertifisering.Brekke sine materialgranskingar er gjort på "Sleipner"-vraket i vinter. Opphogginga av båten er derfor utsett. No ber sjøfartsinspektør Ivar Asle Manum om at hogginga blir ytterlegare utsett slik at det eventuelt kan takast nye materialprøvar og gjerast testar ut over dei som alt er utførte av Veritas.