Av ordførar Aksel Kloster,Kvinnherad

Me har ikkje før BT skreiv om det, vore merksame på at det er aktuelt å skipa eit stort nytt Transportdirektorat, der Sjøfartsdirektoratet vert ein vital del. Men ingenting vil vera meir naturleg enn at eit nyskipa Transportdirektorat, eller sjøfartsdelen av dette, vert lagt til Vestlandet.

Det er etter kvart blitt ein kolossal trafikk på og til/frå Vestlandet. Det er mellom anna ein stor og sterkt aukande maritim aktivitet på kontinentalsokkelen og langs kysten. Dette skuldast oljeverksemda, tradisjonell skipsfart, cruisefart, fraktfart, fiske, havbruk, fritidsbåtliv og den trafikken som eit utal trafikkselskap driv med m.v.

Havområda og vår langstrakte kyst har veldige potensial for auka økonomisk aktivitet. Ein stadig større del av vår verdiskaping vil koma herfrå. Styresmaktene har eit sjølvsagt ansvar for å leggja best mogeleg til rette ved at det politiske miljøet lagar gode rammevilkår og reglar, medan forvaltninga følgjer medvite opp.

Den auka maritime aktiviteten bør få mykje større offentleg merksemd i åra framover. Det er viktig at den delen av forvaltninga som har ansvar for dette viktige samfunnsområdet, har dei ressursar og faglege føresetnader som skal til. Forvaltninga må heile tida ha som mål å liggja i framkant av utviklinga, med eit klart regelverk og ei målretta oppfølgjing av dette.

Dei siste åra har havområda og kysten blitt råka av ei rekkje uhell og ulukker som nå er i ferd med å bli eit aukande problem. Omfanget av hendingane kan definerast som ein katastrofe. Det skjer tragiske hendingar heile tida. Mange menneskeliv er gått tapt. Mange er påført varige skader. Ureining i sjø er blitt daglegdags for oss som bur langs kysten.

Ikkje minst me som er lokalpolitikarar i kystkommunane er byrja å bli ottefulle over at me som samfunn ikkje har god nok kontroll over utviklinga. I staden for å vera i forkant av utviklinga, lyt me heile tida orsaka dei uhell og ulukker som skjer, før det etter kvar hending kjem til ein endelaus etterfølgjande debatt om skuld og ansvar.

Minst tre tiltak bør setjast inn for å få ei betre kontroll og sterkare styring med den aukande aktiviteten i våre sjøområder. Det er eit klårare og meir konsist regelverk. Det er auka offentlege ressursar til kontroll og oppfølgjing, og det er ikkje minst ei flytting av forvaltninga nærare brukarane.

Dei siste tiåra har det vore ein dramatisk auke i den maritime aktiviteten langs kysten. Dette gjeld ikkje minst kystområda i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Sola, Tananger, Stavanger, Kårstø, Karmøy, Stord, Husnes, Bergen, Ågotnes, Hanøytangen, Sture, Mongstad og Florø er då også nokre av dei mest trafikkerte stadane i heile Europa.

Berre Rotterdam er nå større enn Bergens-området når det gjeld lastevolum og anløp av skip. Som døme kan nemnast at nokre av verda sine største bulk— og kjemikalitankreiarlag (Gearbulk, Star Shipping, Jebsen, J.O. Odfjell, Odfjell ASA og Stolt-Nielsen m.fl.) har sitt utspring frå Vestlandet.

Det er ikkje å venta at regjeringa kan ta eit slikt spørsmål på «strak arm». Men såpass mange langs kysten er nå opptekne av trykkleiken på sjøen og staten sin rolle som lovgjevar og forvaltar, at eg vonar at statsråden kan ta eit initiativ for å få utgreitt saka i tråd med ovannemnde.