Hovudmengda av dyra står fortsatt i Vinje kommune. Det er felt en god del dyr i området nordaust for Songa og sør for Kvenna. Også i Tinn er det felt nokre bukkar. I Tinn er det mest einskilde bukk som er felt.

Frå Hordaland er det ikkje meld om flokkar av dyr måndag. Men der kan det og gå ein del bukk og mindre flokkar utan at det er meldt om.

Frå Buskerud er det heller ikkje observert dyreflokkar måndag.

Trekket søndag kveld var nordleg.

Kom i hug å taka med våpenkort, jegeravgiftkort m/gyldig skoteprøve og fellingsløy-ve/kontrollkort.

Det er viktig at dyremeldingstenesta får meldingar frå jegeren no tidleg i jakta på telefon 35062920.

For meir spesifikke opplysninger visas til infotelefon 82020001.

Dyremeldingar frå Radio Rauland i samarbeid med villreinforvaltninga og naturoppsynet på Hardangervidda.