Men nett slik byrja han. Iallfall for dei som let seg lokka av vinterkledde fjell i synsranda og hadde tid og høve til å nytta dagen til slikt i går.

Sjølv har eg gjennom glepper i skodde og låge oktoberskyer sett korleis det har kvitna på toppane i aust, og eg visste at når sjansen baud seg med klarver og sol, skulle eg gripa han og leggja i veg. Til ein start på skisesongen som eg knapt kan hugsa at eg har opplevd tidlegare. For enno er det berre haust, enno heng det lauv på skogen her i låglandet.

Eg vart ikkje skuffa, endå om eg, som ventande var, måtte ta skiene på nakken dei første kilometrane frå parkeringsplassen ved Osavatn. Men frå Redningshytten og opp er det fine høve for skigåing. Hardt og skarpt i den nedste delen, og litt kronglete å ta seg fram, særleg på heimtur og i unnabakke, fordi det enno er manglande dekning og opne bekkefar her og der. Isen på vatna er heller ikkje til å lita på.

Men i høgda og på platået innunder Gullfjellstoppen (987 moh.) er det berre velstand med ikkje langt frå meteren med snø, og når novembersola fløymer raus over landskapet, er det ingen grunn til ikkje å koma i påskestemning — for andre gongen i år.

Enno har vinteren mykje godt arbeid att å gjera før dumper er dekt til, groper er glatta ut, stein og harde berget er polstra og gøymt under kald, kvit snø. Men får han lov til å liggja, mykje av den snøen som alt er komen, har vi i det minste fått eit framifrå grunnlag for ein lang og innhaldsrik skivinter.

Måtte vi ha helse og forstand til å bruka han!