EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bergens-tidende.no

25-åringen vart pågripen etter at jenta saman med vergen sin hadde meldt han til politiet. Både mannen og jenta er frå Flora kommune, men dei skal ikkje ha kjent kvarandre før dei møttest tilfeldig søndag kveld, ifølgje politiinspektør Bente Staven i Fjordane politidistrikt.

— Vi meiner overgrepet er grovt, sett i lys av at jenta berre er 15 år og dermed mindreårig, seier Staven.

Nektar skuld 25-åringen nektar straffeskuld. Paragrafen han er sikta etter har ei strafferamme på minimum to års fengsel, maksimum 15 år.

Ifølgje politiet fann valdtekta stad i eit bustadhus i Flora.

— Mannen vedgår å ha vore til stades i huset saman med jenta, seier politiinspektør Staven, som ikkje vil gå i detaljar om kva som har kome fram så langt i etterforskinga.

25-åringen må tirsdag møte i Sunnfjord forhøyrsrett i Førde, der politiet vil be om fire vekers fengsling.

Sikra tekniske spor - Vi ber om fire veker både på grunn av faren for gjentaking og av hensyn til etterforskinga, seier Staven.

Politiet avhøyrde mandag fleire vitne, utan at det skal ha vore vitne til sjølve valdtekta. Jenta har vore til sjukehusundersøking, og det er også sikra tekniske spor på staden som blir sendt til analyse.