I teksti under titelen les me at «udersøkinga var bestilt etter ønskje frå styret i HSD» og at «samtlege leiarar og tillitsvalde har fått tilsendt rapporten».

Eg kan tenkja meg at mange som reiser med HSD-båtar vart skikkeleg skremde. Og so vil eg nærast tru at endå fleire lesarar vart forfærde yver kor uvyrdslag det eine av våre tvo offisielle språk – nynorsken – no kan brukast. «Samtlege» er eit nytt ord i nynorsk. «Sikkerheit» er ein vandalisme av det som i bokmålet heiter «sikkerhet». I staden for «samtlege» kan me skriva alle, i staden for «sikkerheit» trygg eller tryggleik.

Den målbruken som er nytta minner mest um den titelen som heiter «Sikkerheit og strykkarakter». For målbruken stend til stryk. Og det er syrgjeleg, i eit storblad som BT som hadde ein grunnleggjar som i 1868 var med og skipa Vestmannalaget, det fyrste mållaget i Noreg, og som seinare hev havt til medarbeidarar målmeistrar som Olav Lofthus, Johs. Lavik, Olav Hoprekstad, Eirik Hirth, Gerd. Garatun-Tjeldstø og mange andre, heilt fram til no.

Er det ikkje på tide å skipa eit målkurs for sume av dei som no freistar å skrive nynorsk i BT?

LUD. JERDAL