Saktekøyring grunna telehiv er ein sannsynleg medverkande faktor til at Signaturtoget køyrde seg fast i ei lita snøfonn i vestkant av snøoverbygget på Finse stasjon laurdag.

— Det er håplaust å få reparert teleskadane før til våren, og vi er redde for at normal fart kan føra til avsporing, seier regionsjef Truls Hegrenæs i Jernbaneverket til Bergens Tidende.

Høgste fart er i vinter sett til 40 kilometer i timen på den aktuelle strekninga. Hegrenæs er svært interessert i å få vita kva fart toget faktisk hadde. Dette kan lesast av på rullen frå ferdskrivaren. Dersom farten låg tett oppunder fartsgrensa, har NSB og Jernbaneverket eit problem for resten av vinteren.

Stogga toga

— Viser det seg at toget ikkje kan forsera såpass beskjedne fonner utan å halda høgare fart enn vi finn tilrådeleg, må vi vurdera å stogga toga på Geilo og Voss til vi får sopa sporet absolutt snøfritt, seier Hegrenæs.

Informasjonssjef i NSB Konsern, Arvid Bårdstu, ser ikkje særleg lysteleg fram til eventuell tog- eller bussbyte undervegs. Det vil skapa enorme problem med å skaffa fram alternativt materiell, tog eller buss. Men han slår fast at rollefordelinga er klar: Dersom Jernbaneverket ikkje gir grønt lys, så kan ikkje NSB køyra.

— Vi har dessutan eit sjølvstendig ansvar, og i siste instans kan lokomotivføraren stogga dersom han finn tilhøva risikable, seier Bårdstu til Bergens Tidende.

Betre å sløyfa ein tur

Han meiner at Åsta-ulykka har endra risikovurderingane både i og utanfor NSB. Samfunnet er ikkje lenger villig til å ta like høge risikoar som før. Det er betre å sløyfa ein tur, enn å setja seg fast.

Bårdstu avviser at Signatur er ueigna på høgfjellet. NSB sit på testresultat som viser at Signaturtoget tek seg betre fram i snøen enn eit El-16 lokomotiv. Berre lokomotiv av typen El-18 er betre.

KØYRDE SEG FAST: Saktekøyring grunna telehiv er ein sannsynleg medverkande faktor til at Signaturtoget køyrde seg fast i ei lita snøfonn på Finse stasjon laurdag.
FOTO: HELGE SUNDE