ARNE HOFSETH arne.hofseth@bt.no

— Gruppetrafikken går med ferja like mykje som i fjor, seier driftsleiar Torbjørn Vik i Fylkesbaatane (FSF) sin ferjedivisjon til Bergens Tidende

Han snakkar ut frå erfaringar etter tre vekers drift, og tingingane som til no er innkomne for resten av sommaren.

15. mai tok FSF opp att ferjedrifta mellom Gudvangen og Lærdal via Kaupanger, som vart nedlagt då kong Harald opna Lærdalstunnelen, lengste vegtunnelen i verda, 27. november i fjor. Tunnelen er ein del av E16 mellom Bergen og Oslo (Sandvika), og ferja er ikkje lenger eit subsidiert riksvegsamband.

Ferjedrifta i sommar kan samanliknast med båttrafikken mellom Gudvangen og Flåm, som suverent har overlevd "tevlinga" med Gudvanga- og Flengjatunnelen.På strekninga Gudvangen - Kaupanger - Lærdal kan også bussane vera med.Men blir det trongt om plassen på bildekk, kan bussen køyra tunnelane, medan passasjerane tek ferja. "Sognefjord" og "Fanaraaken" gjer to turar kvar for dagen, til saman fire avgangar i kvar retning. Midt på dagen kan turistane få oppleva den unike korrespondansen til Flåm midtfjords, der skipa legg seg innåt kvarandre og passasjerane byter skip utan å setja fot på nokon kai. I Kaupanger har folk reagert på at toalettet på kaien ikkje skulle opnast før 15. juni.

— Trengjande kan ikkje halda seg ein heil månad, seier ein spøkefugl til Bergens Tidende.

— Trafikken er såpass liten i slutten av mai og førstninga av juni at det ikkje er rekningssvarande med driftsutgifter på eit toalettanlegg til denne ruta, kommenterer Vik.

Men lagnaden ville at toaletta vart opna torsdag, på Vegstellet si rekning, grunna eit uhell på Mannheller ferjekai.

Det gjorde at Kaupanger må overta i riksvegsambandet (RV 5) til Fodnes.