Han skriv også at sidan kvar 5. elev går ut av grunnskulen utan å kunna lesa og skriva skikkeleg, «er det tullete å måtte lære seg to nesten like skrivemåter, istedenfor å fokusere på den opprinnelige skrivemåten til hvert enkelt individ». Han konkluderer med at fakta syner at sidemålsundervising er unødvendig, men kva fakta byggjer han dette på?

Fakta 1: Elevane skal ha lært å skriva og lesa når dei går ut av barneskulen. Dei startar ikkje med sidemål før på ungdomsskulen, altså kan ikkje sidemålet ta skulda for manglande lese— og skriveevner.

Fakta 2: Som språkhistoria viser, er ikkje nynorsk og bokmål to ulike skrivemåtar, men to ulike språk med ulik bakgrunn og karakter. Begge er offisielle språk i Noreg, og må derfor vera obligatorisk allmennkunnskap i Noreg.

Fakta 3: Mange yrke krev at ein kan nynorsk, og i motsetnad til det Joakim Haaland hevdar, vil det faktisk vera eit trugsmål mot nynorsken viss færre personar lærer å skriva det. Kva skjer med retten nynorskbrukarar har til å møta språket sitt i det offentlege?

Det er sant, slik mange meiner, at sidemålsundervisinga er dårleg og gamaldags mange stader, men å fjerna henne er ikkje løysinga!

STYRET I BERGEN MÅLUNGDOM VED ANNELEN HORSAAS