Kroner 200.000 var alt løyvd. Tysdag 7.10. vekte dette stort engasjement både i Tabloid (TV 2) og Standpunkt (NRK1). Motstandarar og tilhengarar stod fram med ulike syn. Ideen om offentleg prostitusjon for funksjonshemma på line med legalisert dødshjelp og fri flyt av dop — kjem frå Nederland, der alle tre praksisane er røyndom.

Til kjernen i dette vanskelege temaet. Er det ein menneskerett å leva eit aktivt sexliv? Slik ideen om profesjonelle sexhjelparar noko vagt vert sett fram av Lotusprosjektet, reagerer iallfall funksjonshemma sterkt og negativt.

Mange menneske av alle slag lever av ulike grunnar åleine. Skulle offentleg betalte sexhjelparar verta eit tilbod, måtte det gjelda alle som ynskte det. Ikkje berre rørslehemma. Ein føresetnad for eit godt sexliv er fine, vare kjensler. Korleis kan slike verta erstatta av teknikk og profesjonelle hjelparar? Kven skulle det vera? Dette er kort sagt ein ny måte å stigmatisera rørslehemma på. I ei tid då funksjonshemmas organisasjonar kjempar om medieinteresse for å inkludera fysiske og psykiske hemma som er utestengde av haldningar og barrierar, får dette Lotusprosjektet mediedekning på line med statsbudsjettet.

Det er ikkje ei offentleg sak å skaffa oss sexhjelparar, det er eit nedverdigande forsøk på å segregera dei funksjonshemma. Det er ei form for tenester som òg kan gje rom for ulike motiv frå potensielle «sex-samaritanar», kven det no måtte vera. Funksjonshemma har nett dei same kjenslene og behov for nærleik og intimitet som alle andre menneske. Utestenginga frå deltaking på dei ulike arenaer er ikkje berre vårt, men òg eit demokratisk problem. Dette problemet bør få mediemerksemd! Dersom samfunnet vart lagt betre til rette, hadde me langt på veg same vilkåra som alle andre til å møta moglege partnerar.

Manneråkutvalets NOU2001:22 Frå brukar til borgar peikar på at milliardinvesteringar trengst for å gjera Noreg til eit tilgjengeleg samfunn for den rørslehemma. Noreg, i motsetnad til mange andre land i verda, har desse milliardane. 2003 er Det europeiske året for funksjonshemma. Offentleg sex- eller dødshjelp for funksjonshemma, med tilhøyrande medieoppslag, er eit effektivt dop til hinder for det som lyt til for å gjera oss alle til fullverdige samfunnsborgarar.

BJØRG HOLM, VOSS