Gjennom mange år har den 40 år gamle bergensaren vore blant drivkreftene i Arbeidernes Edruskapsforbund. Til sommaren skal han etter planen vere sjef for to leirar for barn og unge i forbundets regi, slik han også var i fjor og fleire år tidlegare. Deltakarane er mellom seks og 17 år gamle, og mange kjem frå ressurssvake heimar eller har personlege problem.

Misbrukte seksåring

Det leirdeltakarar og foreldre ikkje har visst, er at leirsjefen i 1996 vart dømt til to og eit halvt års fengsel for grove seksuelle overgrep mot ei lita jente. Frå ho var seks år gammal til ho var 13 misbrukte mannen henne på det grovaste ý blant anna eitt tilfelle av samleie. Gulating lagmannsrett fann overgrepa særleg graverande fordi mannen i perioder hadde omsorgsansvar for jenta.

I fjor haust vart mannen igjen varetektsfengsla, sikta for valdtekt mot ei 30 år gammal kvinne i Bergen. Saka er under etterforsking, og det er ennå ikkje tatt stilling til om mannen blir sett under tiltale.

Tillitsvald vitna i retten

Minst ein sentral tillitsvald i Arbeidernes Edruskapsforbund (AEF) har vore fullt orientert om at mannen vart dømt for overgrep både i Bergen byrett og Gulating lagmannsrett i 1996. Leiaren for lokallaget i Bergen den gongen, Dagny Gullaksen, møtte i lagmannsretten og vitna for den 40 år gamle mannen. Ho sat på den tida i sentralstyret i AEF.

— Saka førte til at han ikkje kunne vere med på sommarleirane det året, seier Gullaksen. Ho er heilt sikker på at ho orienterte leiinga i forbundet om tiltalen.

— Eg tok kontakt med Oslo per telefon og fortalde kva som hadde hendt. Eg måtte jo det, i og med at han ikkje kunne bli med på sommarleiren som planlagt, seier Gullaksen.

Den sex-dømte har sjølv framståande tillitsverv i organisasjonen, i tillegg til at han driv frivillig leirarbeid sommarstid.

84 barn deltok i fjor

AEF har sidan 1972 arrangert sommarleirar for barn og unge, blant anna på Askøy. Leirane varer i ei veke, og blir marknadsført overfor barnevernstenesta og sosialkontora rundt om i kommunane. I fjor deltok 84 barn på dei seks leirane.

— Det kan vere foreldre som treng avlasting, eller barn som har problem av ulike slag. Leirane er ikkje retta spesielt mot barn med vanskar, men er opne for alle, seier forbundssekretær Jorunn Amundgård i AEF.

ý Ubegripeleg av AEF

Advokaten til kvinna som seier ho vart voldtatt i fjor haust, Line Ingebrigtsen, meiner det er ubegripeleg at mannen blir brukt av arbeidarrørsla som leiar på barneleirar.

— Her er det snakk om barn med vanskar og ressurssvake foreldre. Vi veit at det er stor gjentakingsfare for sex-overgriparar. Eg kan ikkje fatte at AEF set den slags personar til å arbeide med slike barn, seier advokat Ingebrigtsen.

Politiet har enno ikkje avgjort om mannen blir tiltala for den påståtte valdtekta i fjor haust.

Mannen sat varetektsfengsla i to veker etter at han vart pågripen, og har framleis status som sikta.

— Vi veit ikkje kva det endar med. Saka er under etterforsking, seier politiinspektør Bjørg Kvelstad.