Hos meg vekkjer han derimot ikkje anna enn forarging og avsky. Han har vore på si første selskapsreise til Gran Canaria, og der har han sett så mange lettkledde, tjukke damer at han er letta over at vinteren finst, det heiter at «Gud gav oss vinteren for at vi skulle få ein pause frå dei digre damene som skamlaust vraltar rundt og viser fram flesket sitt».

Det verste med overvekt er nemleg ikkje at det kan skape problem for den overvektige, nei, det verste med overvekt er at Knut Langeland er nøydd til å sjå kvinner som har store kroppar.

Slik Langeland ser det, skal ikkje overvektige kvinner vere glade i «den nasen dei har». Han tar «for ordens skuld» atterhald for sjukdom og overgangsalder, men han nektar å tru at dei «fleskeberga» han ser på ferien sin har «gyldig grunn til å sjå ut slik som dei gjer». Vidare skjøner han ikkje kvifor dei «på død og liv» skal ha lite klede på seg når dei ikkje ser ut slik som «dei av medsystrene som svinsar over parketten i Paris og Milano». Og det er ikkje berre det at han må sjå desse store kvinnene — når han først ser dei, klarer han ikkje å la vere å førestelle seg korleis det er å ha sex med dei, han trur at den stakkaren som prøver seg på noko slikt, kan «bli leitande lenge etter den skrukken som førte til eit av kroppens holrom».

Eg kan ikkje med min beste vilje skjøne kvifor Bergens Tidende ønskjer å gje spalteplass til ein slik gris. Dersom Knut Langeland ønskjer å kjempe mot overvekt, må han finne ein betre måte å gjere det på enn å gjere narr av overvektige damer som kler av seg når det er varmt og å le av at store og/eller eldre menneske har sex. Eg meiner kommentaren til Langeland ikkje er anna enn uakseptabel mobbing.

Langeland avsluttar med å spørje om det er «dette vi skal måtte ta til takke med», og med vi meiner han dei som «måtte sjå heldigare grisar stikka av med Mona Grudt og Anette Stai og Ragnhild Sælthun Fjørtoft». Mi tru er at den som tar til takke med Knut Langeland etter ein slik artikkel, skal få store problem med å «finne det vakre i» han «herifrå og inn i æva».

OLAUG NILSSEN