KARSTEIN SÆVERÅSODD MEHUS (foto)

Det vert stadig tøffare å overleve økonomisk som fruktbonde, og morelldyrking krev meir innsats for kvart år for å kaste av seg. Heile fruktnæringa er blitt marginalisert, og produksjon er blitt mindre interessant for styresmaktene enn bevaring av kulturlandskapet, meiner fruktbonde Olav H. Eidnes. — Ein får kjensla av ei haldning der moreller og anna like gjerne kunne vore importert, men kulturlandskapet må dyrkast her. Det er lite økonomisk stimulans og lønsemd i næringa, og mange gardar vert liggande brakk, seier Eidnes, som og er styreleiar i Ullensvang fruktlager.

Intens sesong

Denne sesongen teiknar likevel bra for dei som klarer å berge avlinga. Produksjonen ser ut til å gå mot 120 prosent av eit normalår. På båe sider ligg veldrevne gardar utetter Sørfjorden. - Det er imponerande kor mange som held ut, her er dyktige fruktdyrkarar på båe sider av fjorden, seier styreleiaren. Morelldyrking er stressande verksemd når den korte sesongen set inn, alt skal klaffe og det vert mange søvnlause netter i dårleg vær. I regn sprekk bæra og rotnar. Kvar sesong må klaffe for at det skal bere seg økonomisk, og det krev stadig meir å få trea til å bere godt. - Tre til fire timar med regn kan øydelegge avlinga, du kan reise frå ei avling verd 50.000 kroner og kome att til berre 10.000, fortel Olav H. Eidnes. Morella vert best modna i friluft, og bøndene vil helst sleppe å dekke til trea med plast. - I år har det vore tørt, og med god vind er det blitt topp kvalitet på bæra, seier Eidnes.

Økonomiske rammer

Det meste av produksjonen i Ullensvang går til Austlandet, og den store sentralen er Økern i Oslo. Bær som står att der ein formiddag, er eit dårleg teikn. - Sesongen er kort og skal stemme med importen, i år vart tollen sett inn for seint, meiner Eidnes. Han er ikkje mot import, men vil ha vern når den norske avlinga kjem på marknaden. - Me vil ha inntekta på pris framfor direkte subsidiar. Då trengs det tollvern i sesongen, og frådrag i moms ville vere eit stimulerande tiltak for næringa, meiner styreleiar Eidnes. Sjølv reknar han med å levere 1,5 til 2 tonn denne sesongen, noko som gjev ei inntekt på 50 til 60.000 kroner frå moreller.

Lange tradisjonar

Eidnes har hatt garden på Lofthus i slekta sidan 1791, og det er dreve dyrking for sal sidan 1920-åra. No vonar han at sonen etterkvart vil ta over drifta. Det er betre lønsemd og tru på framtida som trengs for å få dei unge til å ta over. I dag krevst det umenneskelege arbeidsmengder å etablere seg, meiner Eidnes, som og etterlyser alternative arbeidsplassar som eit rettsregister til bygda. - Me kan ikkje leve av utsikta, seier fruktdyrkar Olav H. Eidnes og speidar mot Folgefonna i sørvest. n Morellsesongen er intens, og varer nokre hektiske veker frå slutten av juli til slutten av august.

fakta/morelldyrking

  • Hovudmarknaden for moreller frå Ullensvang er Austlandet, med sal på torg og i butikkar. * Moreller er ei døgnvare som vert hausta om dagen, transportert om natta og er framme hjå forbrukar neste dag. * For å strekke modninga og sesongen, bør ein ha stabilt, men ikkje for varmt vær. * Prisen per kilo til dyrkar ligg kring 35 kroner. Kvar gard leverer frå eitt til sju tonn, og Hardanger står for 80 prosent av nasjonal morellproduksjon.