Det var ikkje lett for Anne Enger Lahnstein då ho tidleg på 90-talet prøvde å teikna eit nytt politisk landskap i fedrelandet. Ho hadde oppdaga at høgre-venstre-aksen var noko oppskrytt – og litt avleggs – som forklaringsmodell, og teikna i staden trekantar som ho meinte var meir illustrerande for dei nye konfliktlinjene i norsk politikk.

Ho fekk støtte av unge valforskarar, som også ville teikna norsk politikk på ein ny måte. Det gjorde berre måteleg inntrykk på ein garva garde av politiske journalistar, som fann det tryggast å halda seg til det politiske landskapet dei hadde vakse opp med.

Arbeidarpartiet kan

Desto større suksess hadde fru Lahnstein då ho lanserte sitt store sentrumsprosjekt – og fekk det realisert hausten 1997. Det vart som kjent ein suksess så stor at korkje Høgre eller Arbeidarpartiet kunne leva med det. Difor måtte Bondevik gå av i mars 2000. «You can't fight success», heiter det på engelsk. Det norske Arbeidarparti kan, dersom dei finn saman med Høgre.

Men veljarane var ikkje like begeistra for sentrumsregjeringa, i alle fall ikkje så mykje at dei ville røysta på KrF, Venstre eller Senterpartiet. Alle dei tre regjeringspartia gjekk tilbake. Venstre fall under sperregrensa, og dermed var sentrum som regjeringsalternativ uaktuelt. Men var også sentrum borte?

Kjøtvekt og eigenvekt

Det var der Høgre tok så «fasigen fel», som svensken seier. Dei trudde at sentrum som regjeringsalternativ og sentrum som politisk tyngdepunkt var same sak. Men politisk kjøtvekt er ikkje det same som politisk eigenvekt. Så då Høgre og Jan Petersen, forført av eigen framgang og oppglødde av kravstore tilhengjarar, gjekk i forhandlingar, venta dei å møta eit sentrum i oppløysing. I staden møtte dei eit sjølvmedvite sentrum som visste sin verdi, og som visste at det politiske tyngdepunktet i Stortinget ligg i sentrum. Sentrum kan trekkja til seg Høgre, men dei har også magnetiske krefter som kan rettast mot Arbeidarpartiet. I gitte situasjonar kan sentrum ta styringa åleine.

Ikkje berre på Hagens nåde

Det er sentrums del av den nye samarbeidsregjeringa som vil vera i stand til å skapa det manøvreringsrommet ho sårt vil trengja. For Bondevik vil det vera viktig at hans andre regjering ikkje får det ordet på seg at ho lever på Carl I. Hagens nåde. I somme spørsmål vil det vera meir naturleg at ho søkjer kompaniskap med Arbeidarpartiet. Er Ap klar for det? Sjølvransakinga etter nederlaget er i gang, men ikkje alle er overtydde om at dei loddar djupt nok. Men i den grad Stoltenberg & Co. tek inn over seg at Ap no er – og kan bli verande – eit mellomstort parti, så er det kanskje ikkje så dumt å samarbeida med Bondevik når politikken tilseier det?

Nye fleirtalskonstellasjonar

For Bondeviks nye mannskap er det ei lukke å veta at dei kan skapa fleirtal i lag med fleire parti. Frp er berre eitt. Dersom samarbeidsregjeringa ser andre vegen kan dei altså finna fram til fleirtalsløysingar med Arbeidarpartiet. Dersom Ap vil.

Vel så interessant er det at Bondevik kan skaffa seg fleirtal med eit SV som på mange vis er mindre dogmatisk til nye samarbeidsmønster enn Ap. Dersom det er rett at Bondevik har snakka Høgre til fornuft i fleire miljøsaker, så kan SV med smil om munnen ordna fleirtal for det i Stortinget. Så kan Ap sitja der, med sure miner til godt spel. For ein triumf for Kristin Halvorsen!

Høgre og Ap må læra

Det ser ikkje ut som om EU-saka skal bli aktuell dei neste fire åra. Men heilt utenkjeleg er det ikkje. Då kan Senterpartiet ta til å røra på seg att, og saman med KrF og Venstre profittera på den saka. Og skulle det utenkjelege skje, at EU blir valkampsak i 2005, kan det føra eit sterkare sentrum tilbake på Stortinget.

Men først skal både Høgre og Arbeidarpartiet læra seg å ta konsekvensen av det dei har ant ei stund: Dei kan ikkje styra landet utan hjelp frå eit sentrum som ikkje lenger tek til takke med smular.

SENTRUM SOM TYNGDEPUNKT: Kjell Magne Bondevik representerer saman med Odd Roger Enoksen og Lars Sponheim eit eige tyngdepunkt på Stortinget.
FOTO: SCANPIX