JOHN LINDEBOTTEN

Det kinkige punktet galdt omfordeling av 50 millionar kroner frå Bergensprogrammet. Arbeidarpartiet gjekk i utgangspunktet inn for dette, medan Høgre stod beint imot.

Kompromisset går ut på at fylkestinget reduserer det statlege bidraget til Hardangerbrua frå 150 millionar til 125 millionar. Dei 25 millionane som manglar har Hardangerbrua AS sagt seg viljug til å finansiera ved låneopptak, som skal betalast attende over statlege vegrammer etter 2011.

Denne løysinga gjorde det mogleg å semjast om å ta 25 millionar kroner frå strekningsvise tiltak i Bergensprogrammet.

Fylkestinget føreset at omfordelinga frå Bergensprogrammet ikkje skal seinka framdrifta av Bybana, Ringveg vest og Skansentunnelen.