Her inne frå redaksjonen i Se og Hør stråler vi om kapp med sola. Hadde det ikkje vore for ei raudstrømpa burugle på statslønn og at Ari hadde rota bort pengane til Jeanette (21), hadde lukka vore komplett i den vesle nasjonen Noreg. Livet smiler igjen. Det er full sommar. Celina leitar etter drømmeprinsen. Storsjarmørar, strandløver og gladgutar har glimt i auget. Folk kastar rullestolen. Nybakte foreldre nyt babyidyllen saman i skjerma paradis. Idrettsjenter kler av seg slik berre sportslege damer kan det. (Men kva er det eigentleg med likestillingsdirektør Larsen-Asp(eløv). Meine at kjendisjenter øydelegg for likestillingskampen? Er likestillingsdirektøren verkeleg livredd for at kvinner skal bli sett på som seksuelle objekt? Og kva i all verda er gale med sexobjekt? Steng kontoret. Gå på Karl Johan og sjå korleis folk av begge kjønn oppfører seg i moderne tid, meiner vi. Kaktus oversendt. Gid tornene måtte trenga inn.)

I løpet av dei to siste vekene har folket blitt gladare. Vi i Se og Hør-redaksjonen er glade for at folk er glade. Vi er nasjonens Robin Hood, livets Florence Nightingale. Eller for å seia det med tittelen på den neste boka til husfar Haavik: Vi likar «å lede med glede»! Og her kjem ein løyndom: Vår suksess er brulagt med avisenes død og dævelskap. Oj så trist og fælt livet er der ute på avispapir: Kjæledyr ofra i ferien, ojojoj. Valdtekter. Landslagsspelar som dør midt på banen. Born som blir fora med arsenikk. Vi her i redaksjonen i Se og Hør har eit motto: Snakkar vi ikkje om sola, så skin ho heller ikkje. (Det er forresten førebels tittel på boka vår andre husfar Odd Nelvik skal skriva når han har ei ledig stund. Men når får han det? Per Ståle (Lønning) hadde heilt rett: Odd Johan køyrer frå hytte til hytte, frå jakt til jakt. Han bør stressa ned! Fint å få Per Ståle på (Lønnings) lista igjen forresten. Brun og fin på trykk.

Anyway; ingen har sagt det betre enn vår gode venninne Moskva-Marit i ukebladet Dagbladet, eller Blabladet, som vi gjerne seier det her på huset. «— Da det raste som verst rundt meg, valgte jeg Se og Hør fordi de var de eneste som ikke hadde mistet gangsynet totalt. Verre var det ikke.»

Verre er det ikkje! Og no passerer vi 25 år i september. Men for å sitera oss sjølv (igjen): Det er krem med bursdag. Enkelte blømer heile livet. Som Jane Seymour, 52 år og like sexy. Ho ber ikkje preg av å ha født fire born eller å ha jobba som skodespelar i 30 år. Håret er minst like flott, figuren like stram. Heile andletet gløder av liv.

Slik er Se og Hør: Vi gløder av liv.

Ta Røkke. Vi set forresten alle saman stor pris på Røkke. Hadde det ikkje vore for at han ikkje er så god til å skriva bilettekstar skulle han tatt over no når Haavik har gitt seg for å via seg til golfspel: Røkke vant over røkla.

No har Røkke rocka Langesund med wetlook og lys skjorte og sin elleville og store venegjeng frå finansverda - og eit knippe damer. Klar, (bryan) ferry, go!

Og sidan vi først er inne på Moldes store søner: John Arne Riise har fått si prinsesse. Å Guri, for ei brud! Det var vårens vakraste eventyr. Fotballhelten jubla. Paret strålte og dei sjølvskrivne heidersgjestene lo og gret om kvarandre. At det ikkje vart spart på noko då den vanlegvis så tøffe og hardbarka fotballspelaren og verdas vakraste brud heldt alle tiders ball, er inga overdriving. For å få plass, leigde helten (eller rettare sagt vi) like godt størstedelen av Rica Parken Hotel!

Førebels har det ikkje gått opp for brudeparet enno at dei fekk seg eit glamorøst superbryllaup med eksklusivt preg (altså betalt av oss). Den hardbarka fotballstjerna hadde nok med å kysse og klemme døgnet rundt. Som han sjølv sa i boblande festhumør: - Alle ektemenn skal ta ordentlig «tak» og sørge for at bruden har sitt livs store dag.

He-he, han er ordkunstnar, Riise.

Pia frå Big Brother sovna frå penisskrekken (som vi lo då vi høyrde om det) - og er framleis jomfru etter bryllaupsnatta. Barn er med andre ord ikkje venta med det første, men ho har likevel latter i stemma, Pia. Ho smiler og sprudlar og strålar som ein pusekatt med nykvessa klør i bryllaupsstasen på hotellsenga. Fytti katta for ei natta. Kven veit om det likevel ikkje blir nokon elging i solnedgang om berre turtelduene får fly(tte) inn i eige reir. (Akkurat denne setninga slapp ikkje gjennom i redigeringa).

Rally-Solberg slapp jubelen laus og gira ned etter herleg VM-siger med familiekos og hygge. No er det sonen (2) som gir bånn gass.

I det heile tatt; livet er godt, dere - og no melder ukebladet VG - eller Verdens Gnag, som vi seier her på huset om at dei vil følgja ekstra nøye med oss utover hausten. Men kjære sjefredaktør Olufsen! Her er plass til oss begge: Etter den søte kløe (Se og Hør), kommer den sure svie (VG). Slik er naturens lov. Vi er sjenerøse. Og likevel får vi denne surmaga kritikken. Vi i Se og Hør syns sjølvaste rampen i rampelyset (Haavik) svarte så godt på VG-nett i fjor. Ein Ole hadde skrive: «Lederen din lyser av menneskeforakt og intoleranse. Synes også at Ukens Kaktus veldig ofte er malplassert og at redaksjonens politiske ståsted ofte er rasistisk, intolerant og Frp-aktig!!»

Det var då Haavik sette han på plass: «Jeg respekterer dine meninger, men konstaterer at mine 1,1 millioner ukentlige lesere er av en annen oppfatning.»

Slå den! Er ikkje det ei gladsak, folkens? Er det rart vi er i perlehumør?

Putt dei inn i nærmaste asyl , seier vi. surpompane!

Ps. Haavik har sagt det så godt: Betaler ein peanøtter til folk, får ein berre apekattar. Tjobing.

ILLUSTRASJON: ATLE INGEBRIGTSEN

Illustrasjon: Atle Ingebrigtsen