Kva mannen doserar når han er i Breiviken, får me ikkje vita. Folk med professortittel som har ein vitskapeleg innstilling til omverda, må vel krympa seg i skinnet når dei les utblåsinga frå her Norhaug.

Maken har eg ikkje sett før, sjølv om innhaldet er same oppkoket som går att i innlegga til rovdyrsvernarane: Sauerasane her i landet er fullstendig uskikka og hjelpelause i norsk terreng, i motsetnad til «opprinneleg norsk villsau». Korleis har herr Nordhaug skaffa seg kunnskap om sauerasar? Eg er ikkje sauebonde, men var med på «smalajag» i ungdomen. Me skulle gjerne hatt med herr Nordhaug, eg trur han skulle vorte andpusten, sjølv om det ikkje var villsau han skulle kappspringe med!

So har me påstanden om at i utlandet rår det reine idyllen mellom sau og rovdyr. Kor rett er denne påstanden?

Det var vel i haust ein gong eg slo over på den franske kanal TV5, og trefte på eit innslag med rasande franske sauebønder. Jammen høyrdest det ut som det var harmoni mellom les paysanset le loup! Det var anna til krutt hjå dei franske, enn hjå dei tafatte norske sauebøndene, som ein har sett på norsk fjernsyn.

Det måtte vere interessant for kompetente sosiologar å finne ut bakgrunnen for dei ymse ideologiske bylgjer som har gått mellom ein del av befolkninga i byane våre i seinare tid.

Her på Vestlandet har me eit opprør mot granplantinga for ein del år sidan. So kom barskogvern-bylgja med sine til dels komiske innslag. No er det svermeriet for rovdyr. Det er sjølvsagt bra at folk vil berga kloden, og naturleg nok at det er ein viss uro over det som vart kalla miljøspørsmål. Der er kanskje òg eit islett av religiøse reminisensar, verda skulle eigentleg vore ein problemfri Edens hage.

Men kva kan grunnen vere til det voldsame raseriet hjå blårussprofessoren? Har det butta imot ideologisk i det siste? Er ikkje BSE, munn og klovsykja og globalisering av algesamfunnet, etter oppskrifta til genia i Breiviken?

Er Nordhaug like stor ekspert på algar som på sauer?

Noko EU-politikk er det vel òg med i kampanjen. Fekk dei mobba vekk resten av norske bønder, vart det litt lettare å få medlemskapet i hamn.

Professor Kryvi må gjerne få i stand boikott av norsk sauekjøt, men det forslaget hadde han fått lite respons på hjå bergensarane for 60 år sidan.

Han må vere ein hardbarka misantrop. Utan sauen hadde det ikkje overlevd mange nordmenner ¿ Framleis er ull brukande til mange ting. Hadde eg valet mellom Kryvi, med sine latinske dyrenamn, og ulla og sauekjøtet, ville eg valt det siste.

Eg har lese ein plass at dei hadde rekna ut at England kunne livberge ein populasjon på rundt 75.000 menneske, basert på jakt og sanking. Slike estimat er vel usikre, men det er definitivt for seint for Kryvi å drøyme om denne tida.

Både Nordhaug og Kryvi er subsidierte hundre prosent, går eg ut frå. Kryvi skal vere flink kunstmålar, har eg høyrt, og å kunne latinske namn på saker og ting, kan vel vere nyttig. Om Nordhaug er til nytte for samfunnet, er kanskje meir tvilsamt.

LARS HAUSO PUGERUD