Av Olav Hermansen,distriktsveterinær i Luster

Sist ute var økonomiprofessor Odd Nordhaug, som frå sitt utsiktstårn i utlandet framsteller sauehaldet i Noreg som statssubsidiert barbari utan økonomisk verdi. Sauene er ikkje liv laga og eigarane stort sett hjartelause hobbybønder. Det er interessant at ein økonomiprofessor syner slik omtanke for dyrevelferd, til vanleg er det krav om rasjonalisering og billigare mat ein høyrer frå dei kantar.

Det er ikkje vanskeleg å vera samd i at tapet av sau på beite er for stort. Det vert òg frå mange hald lagt ned mykje arbeid for å redusera dette, både når det gjeld førebygging av sjukdom, og betra tilsyn. Dei aller fleste saueeigarane er i dag med i Organisert beitebruk. På landsbasis gjekk tapet av sau på beite ned fram til mot slutten av 80-åra og kom under 4 prosent. Då endra rovdyrsituasjonen seg dramatisk, og tapet i 1999 var 6,1 prosent. Denne forskjellen utgjer omtrent 45.000 dyr, som utan tvil er drepne av store rovdyr.

I Luster kommune, som er den største sauekommunen i Sogn og Fjordane, har me svært god dokumentasjon på at jerv aukar beitetapet dramatisk. Beitelag med tap på 1–2 prosent før og etter at der har vore jerv i området har vore oppe i 10–15 prosent det året jerven slo til. Her er òg brukarar som i årevis har sleppt 300–400 dyr på fjellbeite med svært lite tap, faktisk heilt ned i 0, og som dei siste åra har mista 30–40 dyr etter at der kom jerv i området. Dagleg tilsyn i beiteområda har ikkje hindra at dyr blir skadde eller drepne. Her er i hovudsak tre sauerasar, vanleg kvit sau, spelsau og pels. Dei to siste er lettføtte og opptrer ofte i flokk liknande «villsau», men ser ut til å vera like utsette for rovdyrangrep som dei tyngre dyra.

På mange måtar er det norske sauehaldet, slik eg ser det, optimalt. Dyra går fritt i skog og fjell om sommaren, og kan velja det beste av gras og urter. Ved inngjerding får ein mange dyr på små område og eit langt sterkare smittepress, først og fremst av parasittar. Dette krev sterk auke i medisinbruk, og ein unngår heller ikkje sjukdom og at somme kreperer.

I stadig fleire kommunar er rovdyrproblematikken etter kvart blitt det største og vanskelegaste dyrevernproblemet ein har å stri med. Rovdyra påfører sauene ufattelege lidingar. I Luster har me mange døme på at dyr har blitt gåande med store skader og betennelsar i hovudet etter mislukka jerveangrep, ofte utan å vera i stand til å ta til seg mat eller vatn. Når det gjeld ulv (og bjørn), er han så sterk at det ikkje er naudsynt å drepa mindre byttedyr som sau før han tar til å eta. I beste fall stryk sauen med medan rovdyret et. Vert rovdyret mett, eller finn at det vil ta eit nytt byttedyr før sauen er daud, vert han gåande til han kreperer eller vert avliva. Professor Nordhaug si løysing på problemet er nedlegging av sauehaldet. Dette er utan tvil effektivt. Samstundes tar ein òg knekken på ein del lokalsamfunn, og set ein solid spiker i Distrikts-Noreg si likkiste. I ein økonomiprofessor sine øyre er dette truleg ikkje noko stor ulukke.

Ein må vona at folk flest ser annleis på dette, og at dei som har ansvar for rovdyrstammene våre held dei på eit moderat nivå, og i langt større grad enn no går inn og tar ut skadegjererar straks det oppstår akutte situasjonar.