Utdanning var den store saka i den siste valkampen, særleg Høgre gjorde dette til si fanesak. Etter kvart syner det seg at det ikkje skulle satsast likevel, dei fleste skular vert tvinga til å redusera utdanningstilbodet i sine budsjettframlegg for 2003.

Mange av tiltaka frå regjeringa er i tillegg særleg negative for distrikta.

I regjeringa sitt forslag til neste års statsbudsjett vert det foreslått at stipendordninga for internatelevar og bortebuande hybelbuande under 19 år vert redusert med 1235 kroner pr. månad.

Bortebuarstipendet er no på 3450 kroner månaden, dette vert foreslått redusert til 2215, noko som utgjer ein nedgang på 11.350 kroner på årsbasis.

Regjeringa seier at den i staden vil gi eit behovsprøvd grunnstipend på inntil 1710 kroner pr. månad. Men for å ha rett til eit slikt fullt grunnstipend må den samla foreldreinntekta vera under 143.000 kroner i året. Tener foreldra til saman over 289.000 får eleven ikkje grunnstipend i det heile teke.

Ein slik reduksjon i stipendordninga vil ramma elevar ved internatskular og andre studentar under 19 år som i mange tilfelle må reise frå distrikta når dei skal ta vidaregåande utdanning.

Er dette satsinga på utdanning, det er ikkje mange foreldre som har ei samla inntekt på under 143.000, det er relativt få som har samla inntekt under 289.000 også.

Framlegget er etter mitt syn både usosialt og distriktsfiendtleg. Eg vil retta ein sterk appell til elevar og foreldre om å reagera på raseringa av elevane sin økonomi.

Det er eit velferdssamfunn me vil ha og ikkje eit veldedighetssamfunn.

HANS OTTO ROBBERSTAD,

FYLKESTINGSREP. ARBEIDARPARTIET