Av Anders Folkestad, leiar i UHO

UHO meiner det må satsast meir og annleis på oppvekstmiljøet. Offentleg ansvar og profesjonell innsats må kombinerast med frivillig innsats i lag og organisasjonar. Eldsjelene må stimulerast og dyrkast! Mangfaldige og varierte tilbod krev samspel og tverrfagleg arbeid.

Lokale nettverk er ein viktig suksessfaktor for tryggleik og trivsel i kvardagen for alle. Det bør til dømes leggast til rette for at skulane i større grad kan vere nærmiljøsenter med kultur— og aktivitetstilbod utanom skuletida. Men det krev jo at nærskulen finst, og ikkje er nedlagt! Samstundes trengst ekstra sterke miljø og tiltak for barn og unge som ikkje finn seg til rette. Difor er det viktig og nødvendig at dei ulike sektorane samarbeider. Tverrfagleg innsats, der sosialteneste, barnehage, skule, politi og helseteneste arbeider i fellesskap og bruker sin spesialkompetanse i lag er for dårleg utvikla. Det er på slike område omstilling i offentleg sektor kan gi gode resultat. Men dette er utvikling, og ikkje nedbygging.

Den stramme kommuneøkonomien rammar barn og unge. Fritidsklubbar blir lagde ned, kulturtilbod fjerna, skulehelsetenesta er sveltefôra og barnehagar og skulefritidsordninga blir dyrare. I fjor blei det gjennomført tilsyn med helsetenester for barn og unge med psykiske problem. Manglane er dramatiske. Skulehelsetenesta er lovpålagt. I mange kommunar har det likevel skjedd nedbygging. Folkehelsa blir skadelidande.

I det lokale arbeidet må det satsast på ein kombinasjon av generelle tilbod som kan nå alle, og forsterka tilbod mot sårbare og utsette grupper og individ. Dei såkalla lågterskeltilboda må ha høg prioritet. Dette er tilbod som skal vere lett tilgjengeleg, også oppsøkjande, og der ein skal sleppe omstendelege prosedyrar og lang behandlingstid.

Helsestasjonane er eit slikt tilbod. Eit slikt allment tilbod i tilknyting til svangerskap, fødsel og dei første åra i barnets liv er med på å gjere foreldre trygge i rolla. Helsestasjonen er akseptert i alle sosiale grupper. Ein bør bygge vidare på dette, og utvide tilbodet. Med fleire profesjonar og breiare fagleg kompetanse kan ein lettare kunne fange opp problem og gi tilpassa tilbod der det trengst, utan at det verkar stigmatiserande. Dette vil lette arbeidet for barnehagen og skulen, som også er sentrale helsearenaer.

Ein del kommunar har innført tverretatleg samordning av lokale rus- og kriminalitetsførebyggjande tiltak. Politi, kultur, fritid, helse, barnevern og skule samarbeider for å betre og effektivisere den førebyggande innsatsen overfor barn og unge i lokalmiljøa. Dette er tverrfagleg samarbeid på sitt beste. Det er viktig at modellen blir spreidd og brukt.

Vi veit at eit nærmiljø der unge har medbestemmelse og der dei kjenner seg trygge er avgjerande for å førebyggje psykiske problem, rusmisbruk og kriminalitet. Eit oppvekstmiljø prega av mangfaldig aktivitet, der vaksne bryr seg, er å investere i kvalitet. Kvalitet kostar. Men viss vi vil satse langsiktig, kven fortener det betre enn barn og unge?