«Kill Messias», «Satan lever i oss alle» m.m. lyser imot oss med store, svartmåla bokstavar frå Frie venner sitt menighetslokale, Betel. Det er ikkje mange som erkjenner Guds eksistens så ope som dette. Eg reknar med at de trur at det finnes ein Gud så lenge de trur at Satan lever i beste velgåande? Det høyrest i alle fall logisk ut i mine øyre.

Ingenting er meir inspirerande enn å sjå at nokon bryr seg om kva vi kristne driv med. Stå på venner! Trur dette kan vera med på å oppmuntre kristne på Espeland til større engasjement og samhald. Eg har litt problem med å springa rundt med sprayboks nattestid, så de får tilgje meg at eg heller prøver å få kontakt gjennom dette lesarinnlegget.

De er meir enn velkomne til oss på sundagsskulen i Salem i Moldalia!

ØYGUNN LEITE KALLEVIK