Det er nemleg ei høgst relevant problemstilling etter at helseføretaket i Sogn og Fjordane har fyrt av ein serie med sjølvskot.

Sjølvskot 1

Då styret ville kutte i ambulansedrifta, gjorde dei vedtak utan å rådføre seg med kommunane som blei råka. Tilsette i ambulansetenesta blei ikkje orienterte, dei fekk vite gjennom media at dei hadde mista jobben. Og styret ville gjennomføre nedskjeringane utan å sjå dei i samanheng med endringar i sjukehustenestene styret sjølv hadde varsla.

Kommunale helsesjefar og fylkeslegen tok til motmæle. Då styret samla seg til neste møte, enda det med at heile vedtaket blei lagt på is. Inntrykket som sat att var at leiinga i det statlege helseføretaket var blitt tatt i skule av kommunane, og ein fylkeslege som knapt har nokon funksjon overfor helseføretaket.

Sjølvskot 2

Nokre veker seinare føreslo leiinga å leggje ned sjukehusavdelinga i Florø. For å spare pengar skal aktiviteten overførast til, i hovudsak, medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus. Ein månad seinare dukkar det opp ein rapport som kritiserer drifta ved nettopp medisinsk avdeling i Førde. Dokumentet er fleire månader gammalt, og har vore halde hemmeleg. Direktøren ved Førde sentralsjukehus hadde hatt rapporten sidan tidleg i haust. Ikkje eingong styremedlemene hadde sett rapporten.

I ei tid då florøværingane rasla med sablane og budde seg til nye fakkeltog for å berge sjukehuset sitt, verkar det underleg at direktøren ikkje ser ut til å ha oppfatta at det ho sat på var ein brannfakkel. Eit dokument som sterkt kritiserer Førde-sjukehuset, ville bli brukt for alt det var verdt i kampen for å berge Florø-sjukehuset. Spørsmålet var ikkje kor tid lekkasjane ville komme, men når.

Og frå Florø kjem reaksjonane: Direktøren må ta sin hatt å gå. Dei har null tillit til leiinga litt lenger inne i Sunnfjord. Ligg det andre interne rapportar i skrivebordsskuffene? Eksisterer det ein skjult dagsorden?

Sjølvskot 3

I tillegg har sjukehuset langt på veg stilt seg i gapestokken ved å nekte ein ungdom deltidsjobb som portør. Guten hadde hanekam. Det likte ikkje avdelingsleiaren. På fjernsyn forsvarte informasjonssjefen avgjerda med at det må vere visse minstekrav til utsjånad for å kunne arbeide på eit sjukehus. Men berre nokre dagar seinare seier toppsjefen i helseføretaket at hanekam er ok. I det minste må det gå an å konkludere med at slikt i alle fall ikkje skapar inntrykk av ein samkøyrt organisasjon.

Styreleiar i Helse Førde er Per Ytrehus, mangeårig fylkespolitikar og NHO-direktør i Sogn og Fjordane. Nestleiar er Kjell Opseth, som neppe treng nærare presentasjon. Helse Førde-direktør Leif Kapstad har lang fartstid frå ulike delar av helsestellet i fylket. Politisk fortid og leiarerfaring har også Anne Margrethe Øvsthus, direktør ved Førde sentralsjukehus. Personar som normalt skulle vere kompetente til å leie eit helseføretak, har skapt inntrykk av at avgjerder blir tatt i lukka rom, viktige dokument blir halde tilbake og at det blir reist spørsmål ved om det eksisterer ein skjult agenda.

Det tragiske er at dette skjer rett før det skal gjennomførast store og omstridde endringar av sjukehusstrukturen. Konsekvensen er at frontane blir ytterlegare spissa, og klimaet for å finne fornuftige løysingar dårlegare.

Men skulda for skuldingane som blir retta, må dei i hovudsak bere sjølve. Helse Førde-toppane står framfor ei formidabel oppgåve når dei skal byggje opp att tilliten dei sjølv har rive ned. For det er alltid lettare å øydeleggje, enn å byggje opp.

HEMMELEG: Helse Førde ville leggje ned denne sjukehusavdelinga i Florø og overføre aktiviteten til Førde. Så dukka det opp ein hemmeleg rapport som kritiserte drifta ved Førde. <p/> Arkivfoto: Oddleiv Apneseth