Høgresida kjem med påstandar om eksplosjon i sjukefråver og om stort misbruk av sjukelønsordninga. Dersom høgrepartia får gjennomført straffepolitikken sin, kan vi få det som i Sverige. Der ser ein no at folk går sjuke på jobb – til dei ikkje orkar meir og vert sjukmelde for lengre periodar. Men sjefar og høglønte vert sjølvsagt ikkje straffa.

Trur nokon at Jan Petersen, Kjell Magne Bondevik eller Lars Sponheim vil få karensdagar og nedsett løn dersom dei smittar kvarandre med influensa i ei ny regjering? Nei, det er dei lågtlønte og dei aller mest slitne som skal takast!

Dei rikaste i samfunnet får full løn under sjukdom overalt i verda – det som er spesielt med den norske ordninga er at også arbeidsfolk får full løn!

Tal frå folketrygden kunne tyde på sterk auke i sjukefråveret. Problemet er at desse tala ikkje byggjer på statistikk frå bedrifter og arbeidsplassar, og i liten grad skil mellom ulike typar fråver. Når stadig fleire er i arbeid, vil også talet på fråversdagar totalt sett auke.

Det har vore ei kraftig auke sidan 1993, men det året var jo også arbeidsløysa svært høg! Det er velkjend at når arbeidsløysa stig, så fell sjukefråveret, og omvendt. Meir detaljert statistikk for sjukefråver ligg føre fram til året 2000 både for industri og kommunal sektor. Fråveret vert i slik statistikk målt som prosent av talet mogelege dagsverk. NHO sine tal syner at fråveret har auka noko dei siste 5 åra, frå det rekordlåge nivået i 1994.

Men ser vi på gjennomsnittet for perioden frå 1979 til 2000, så vert biletet eit anna. Fråveret i 2000 er for nokre grupper heilt likt, for andre grupper litt høgare enn gjennomsnittet i perioden. Vi har ingen eksplosjon i fråveret, men ei svingning attende til nivået på 80-talet.

Ser vi så på korttidsfråveret, i NHO-statistikken definert som fråver 3 dager og mindre, så har det stått omtrent stille dei siste åra. Frå 1993 til 2000 har det knapt vore målbare endringar i korttidsfråveret. KS-statistikken for tilsette i kommunar og fylkeskommunar (med unntak av Oslo) syner ein kraftig auke i sjukefråveret dei siste 6 åra. Men nesten heile auken skuldast langtids-fråver. Fråversprosenten dei fyrste 2 vekene (1 til 10 dager) har stått omtrent stille. Problemet kan altså avgrensast til sjukefråver over 2 veker, og ein må særleg sjå på arbeidstakarar med låg løn og fysisk belastande arbeid. Det er ei relativt avgrensa gruppe med helselause personar vi snakkar om: Om lag 5 prosent av arbeidstakarane står for 80 prosent av fråveret. Det som kan monne på statistikken og dei totale kostnadene er å leggje til rette for at folk med meir eller mindre kroniske helseplagar kan få halda fram i arbeidslivet. Det handlar om å redusere krava til effektivitet, betre arbeidsmiljøet, og gje folk større kontroll med eige liv. Konklusjon: — Det er ingen grunn til generelle tiltak mot korttidsfråver, det er allereie lågt og stabilt.

— Det finst ikkje noko tal som tyder på at sjukelønsordninga vert misbrukt. - Ei liberal ordning med eigenmelding ved korttidssjukefråver er bra både for helsa og helsevesenet, og naudsynt for å dempe langtidssjukefråveret. - Vi må behalde ei rettferdig sjukelønsordning utan karensdagar eller reduserte utbetalingar!

Av Sigurd Solberg, leiar i Hordaland RV