Seinare, trinn for trinn, har politikarane late finger for finger, i møte på møte, gå med til eit verdsomfattande krigsøvingsfelt. Ikkje som før til eit forsvar, men no basta og bunde i alliansar, der makt og krigføring er løysinga.

Ikkje ein tale for bombefeltet, trass i all lokkemat om peng å tena. Me veit at der det vert lokka med gullmynt, ligg svikaren (profittmotivet) på lur og vil vinna framom for realverdiar i evig norsk av fjell, og dalar og kultur sitt heilstøypte.

Peng til traktor, bil og «denne verda» sine gode ropar tida på med lokkemat som: «Fint med militære, dei flyg innover ved for oss.»

Eg var skuffa over ikkje å få høyra seljarane sine syn, men takkar hjarteleg den lange kø av motstandarar til gigantfeltet, og vel den einaste av dei fåe frammøtte frå den politiske arena det var noko tess med: Kristian Østrem.

IVAR B. LØNE,TJØNNEGREND