Sandberg meiner at all gjeld som kommunane har vorte påført fordi staten har pålagt dei store reformer, må innfriast.

— Det gjeld mellom anna HVPU-reforma, dei store skulereformene, eldrereforma og utgifter som kommunane vil verta pålagt ved gjennomføringa av oppgåvefordelingsreforma, seier stortingsrepresentanten frå Nord-Trøndelag til Bergens Tidende.

Ingen har oversikt over kor store summar det kan dreia seg om. Men i følgje oversikter Kommunenes Sentralforbund (KS) har gjort, kan det vera snakk om summar mellom på mellom tre og fem milliardar kroner. Samla er gjelda i kommunesektoren ca. 130 milliardar kroner.

Sandberg peikar på at både Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti har foreslått ulike gjeldssaneringsordningar. Han vonar difor på ei positiv haldning frå desse partia.

«Premie»

Dei kommunane som har gjennomført reformene utan å skaffa seg gjeld, må lønnast med «premie», meiner han.

— Dei bør få utbetalt pengar på bok, seier han. Sandberg ønskjer å leggja forslaget fram for Stortinget til våren.

— Slik at vi kan bruka det for alt det er verdt i valkampen, seier han.

I går vart forslaget testa på årsmøtet i Hordaland Framstegsparti. Der var reaksjonane noko blanda.

— Det var eit godt forslag, utbraut stortingskollega Arne Sortevik frå talarstolen.

Han hadde klart eit resolusjonsforslag der årsmøtet krev at gjelda i kommunesektoren vert sanert. Forslaget skal handsamast i dag.

Mellom dei meir betenkte, var medlem av finanskomiteen, Gjermund Hagesæther.

— Dette må eg tyggja på, sa den fritalande stortingsrepresentanten frå Lindås.

Tvilarar

Både Bergenspartiets si fyrstedame, Liv Røssland og Os-ordføraren Terje Søviknes var mellom tvilarane:

Søviknes sa det slik:

— Det er kjekt med pengane vi har på bok etter aksjesalet i BKK. Men vi skal passa oss vel, slik at ei gjeldssanering ikkje vert nokon sovepute for kommunesektoren.

Til Framstegspartiet å vera, er det eit uvanleg roleg årsmøte partiet held denne helga. Det ser ut som partiet har teke innover seg at det har vorte eit stort parti som skal vera budd på å ta både makt og ansvar.

Partifellene er optimistiske og vonar dei vil få mange tunge posisjonar etter haustens kommuneval.

Vala vart såleis avvikla heilt slik valkomiteen ville det. Det vart ikkje stilt einaste benkeforslag. Dermed vart Jan Koløy Kvinnherad attvald som leiar. Arne Sortevik, Bergen og Gustav Bahus, Os held fram som nestleiarar.

Terje Søviknes fekk også stadfesta at han har fått full tilgjeving etter sex-skandalene for to år sidan. Han fekk flest stemmer av alle då landsmøtedelegasjonen vart vald.