Av Reidar Storaas

Frå ei velbrukt bok fell det ut ein avisnotis. Den fortel at livsmedikus Axel Munthe er død i husværet sitt på Stockholm slott, 92 år gammal. Klippet skriv seg frå 1949, den tid eg fyrste gongen pløgde «Boken om San Michele». Lesnaden vekte trong til å oppleva Axel Munthes fjelleventyr på Capri. Etter drygt halvhundre år skulle det skje på ein tur planmessig lagt til tidlegvåren der sør, før turistflaumen (som er diger nok jamvel på denne tid), gjer landing på øya til eit mareritt, slik einskilde sommargjester på Capri fortel om. Det må bli slik når titusenvis tilreisande dagleg gjer landhogg på det som gjerne blir kalla verdens vakraste øy.

Til fots og køfritt er her framkomande til to store attraksjonar. På eine høgda ligg ruinane av Tiberius´ villa på kanten av eit svimlande stup. Frå denne staden som i dag tykkjest så uendeleg avsides og langt frå Roma, styrde keisaren sitt verdsrike i ti år. Herfrå ser ein Villa San Michele som ein kvit prikk i bergsida på Anacapri. Også her er fortida sterkt til stades med antikke skulpturar og søyler som enno låg i løynd då den svenske lækjaren kjøpte seg inn i dette dårande vakre landskapet. Stort sett står alt slik Munthe forlet det ein gong i 30-åra. Men naturens krefter let seg ikkje stansa. Sypressallèn opp mot kapellet har vakse seg kjempehøg og dei antikke tinntallerkane på det urørde matbordet er blitt svarte av tinnpest.

Axel Munthe må ha vore eit uvanleg rikt utstyrt intellekt. Medisinsk embetseksamen tok han i 18 års alder. Med ei avhandling på fransk oppnådde han 22 år gammal doktorgraden ved Sorbonne som den yngste nokon gong. Alt i unge år hadde Axel Munthe fanga ein vid lesarkrins med livfulle skildringar frå europeiske storbyar. Bøkene nådde opplag som gjorde Heidenstam og Strindberg grøne av misunning.

Verkeleg globalt namn fekk han med boka om San Michele, den mest omsette svenske bok i historia. Utgåver på talrike verdsspråk finst på Capri av boka som stadig fengslar millionar av lesarar. Her er spennande opplevingar iscenesett med sans for både dramatiske situasjonar og pikanteri. Skildringane er borne fram med stilistisk eleganse og sjølvironi tilsett ein god slump sarkasme. Den gjekk særleg ut over duglause kollegaer i Paris og Roma der Munthe sjølv hadde stor suksess som motelege både for kongelege og eit adeleg toppskikt. Tidvis fekk han enorme summar i honorar og gåve frå sine rike pasientar, men gav ut med raus hand til fattigfolk i storbyane og til dyrevern. Ei sers omsut hadde han for fuglar og hundar.

Menneska likte han mindre, han såg på dei med skepsis, ofte forakt, var vel nærmast misantrop. Men også aristokrat med oppfatningar på tvers av fleirtalssyn. Uredd verna han den homoseksuelle Oscar Wilde som vart kasta ut frå sitt hotell på Capri, han stod på det norske standpunktet i unionsstriden og tala nazismen i mot med kraft og klem.

Somme tok kvar linje i «Boken om San Michele» for gudsens sanning, las boka som eksakt referat, utan å ansa den fantasiens trolldomskraft som ber forteljinga og skaper liknande vibrasjonar i dag som ved fyrste lesing i unge år. Den makabre forvekslinga då han var fylgjesvein ved liktransport, er eit kapittel som sit i minnet. Og der meir av sprelsk humor, men tydelegare ser ein at livsrøynsle og resignasjon pregar store delar av boka. Dessutan veit ein no meir om korleis negasjonane er knytte til Axel Munthes livslagnad gjennom opplysingar frå tilgjengeleg korrespondanse.

Heider og ære hausta han som få, men i all medgang stig Axel Munthe fram som ein stor personleg tragedie. Svevnens livgjevande gåve miste han. Dertil var han svaksynt, periodevis blind. For å spara sine auge mura esteten og soltilbedaren seg inne i eit romersk tårn. Ein særling utan evne til varande kjærleik til andre personar. Sin ektemake og borna brydde han seg ikkje om. Erobrartrongen var kanskje den viktigaste drivkrafta i hans liv, slik nokon har peika på. Gjennom vellukka erobringstokt oppnådde han tilgang til dei høgste sosiale sirklar i Paris og dei mest attråverdige antikvitetar. Vakre rike damer var villige til å ofra alt for å bli hans. Straks han visste at han kunne få dei, miste dei interesse.

Men til liks med granittsfinxen som kviler på balustraden ved San Michele ber på ein løyndom, ei gåte, står Axel Munthe for oss som ei menneskeleg gåte. Også etter vitjinga på San Michele.