Av Gudmund Toreid, Bergen

Føremålet er godt, og noko politikarar av og til er nøydde til å gjera: Spara pengar! Men korleis kan ein tru at omfattande endringar som dette er gratis? I alle verksemder, både innanfor det private og det offentlege, kostar det store pengar med djuptgripande endringar i organisasjonen.

Eg kjenner godt til to av skulane, Bergen yrkesskole og Krohnsminde videregående skole, som kan verta éin skule med om lag 1200 elevar. Dei er begge i dag velfungerande skular, men svært ulike. Bergen yrkesskole, for sin del, har i fleire år vore gjennom ei omfattande organisasjonsutvikling, ein prosess der alle dei tilsette har vore med. Ein har fått på plass organisasjonsstruktur, prosedyrar og rutinar som høver godt for Bergen yrkesskole, medan Krohnsminde på mange område har valt heilt andre løysingar. Ved ei samanslåing må ein byrja på nytt. Og tru meg: Det vert ein lang, krevjande og kostbar prosess å fusjonera to så ulike skular. Og kven har brev på at det endelege resultatet vert godt?

Fylkespolitikarar har i media hevda at det berre er i skulebyråkratiet det skal kuttast. Men det har då sanneleg stått å lesa at talet på systemansvarlege skal halverast. For desse to skulane vil det seia at éin person skal ta hand om nettverk og maskinpark for 1400 brukarar! Alle med kjennskap til bruk av informasjons— og kommunikasjonsteknologi (IKT) skjøner at det ikkje let seg gjera. Dersom skulepolitikarane meiner noko med at elevar og lærarar i større grad skal ta i bruk IKT, må det heller fleire stillingar til for systemansvarlege.

Elevinspektørane skal det òg kuttast i. Men elevinspektøren er ingen byråkrat. Han skal tvert om arbeida tett opp mot elevane, og særleg skal han vera der for elevar som av ulike grunnar slit og har det vanskeleg. I alle høve for Bergen yrkesskole sin del, har den halve elevinspektørstillinga for samfunnet vore ei svært god investering. Sjølvsagt skulle ein så stor skule heller hatt elevinspektør i heil stilling, i staden for det som no kanskje vert: Ei halv stilling på deling med Krohnsminde! Til fylkespolitikarar som trur at ein ikkje råkar elevane direkte ved å kutta ned på elevinspektørane, vil eg berre seia: Ta ein prat med elevane ved Bergen yrkesskole, og høyr på kva dei har å seia!

Så lenge fylkeskommunen sin økonomi er dårleg, er det ufatteleg om fylkestinget vågar eit eksperiment som kan få ein svært høg prislapp, og der ingen politikar - dersom han er ærleg - kan tru på det reknestykket for innsparing som er lagt fram.