ARNE HOFSETH arne.hofseth@bergens-tidende.noKomande fredag kjem målsmenn frå Jondal, Kvinnherad, Odda og Ullensvang saman i Tyssedal for å drøfta ei mogeleg samanslåing av kommunane på Folgefonnshalvøya. Lokalt utspel Saka er ikkje påtvungen kommunane av sentrale styresmakter. Initiativet er kome frå ordførar John Skogseth i Jondal. Han er pådrivar for lang tunnel mellom Jondal og Kvinnherad, i forlenginga av Folgefonnstunnelen, som snart skal opnast.Utspelet har ikkje gått forkjemparane for Hardangerbrua hus forbi. Då Eidfjord nyleg innvia ny idrettshall, stakk ordførarane i Granvin, Ulvik og Eidfjord hovuda saman, og lurte på om ikkje dei burde gjera det same. Baktanke Tidlegare freistnader frå sentralt hald om samanslåing av småkommunar, har fnysande vorte avvist. No kjem utspela frå lokalt hald. Resultatet kan bli eit heilt nytt kommunekart i Hardanger, der berre Kvam blir ved det gamle. Dei seks andre Hardangerkommunane kan saman med Kvinnherad bli til to:Ei kommune for Folgefonnshalvøya der Folgefonnstunnelen og langversjonen av ny tunnel til Jondal bind bygdene saman, og ei kommune for områda i Hardanger med sterk interesse for Hardangerbrua.Vonde tunger spår at samanslåingsgløden vil avta når vegkrava er innfridde. Delt Ullensvang vil venteleg stilla på møtet i Tyssedal. Det tilrår ein sterkt tvilande rådmann Magnus Mjør i saksutgreiinga framfor møtet i det kommunale plan— og næringsutvalet måndag.Ullensvang har ein fot i kvar leir, med vestsida av Sørfjorden på Folgefonnshalvøya og både austsida av Sørfjorden og Oksenhalvøya (mellom Granvin og Ulvik) i forlenginga av Hardangerbrua.Rådmannen peikar på at større einingar inneber rasjonalisering og sentralisering av offentlege arbeidsplassar. Han kan vanskeleg sjå at ei slik utvikling kan vera til fordel for utkantkommunen Ullensvang. Anakronisme På den andre sida kan utviklinga ha gått i frå dagens kommunestruktur. Særleg er inndelinga av Ullensvang herad ein anakronisme, laga for ei tid der samkvem i større grad gjekk på tvers av fjorden. Det er vanskeleg å argumentera for at kommunegrensene i Indre Hardanger er rasjonelle, skriv Mjør, som etter ei samla vurdering tilrår at Ullensvang sluttar seg til utspelet frå Jondal.Han meiner likevel det vil vera unaturleg for Ullensvang berre å sjå sør- og vestover. Dei må også sjå nordover, og ikkje minst vurdera spørsmålet i lys av framtidig ferjefri fjordkryssing over Hardangerbrua, skriv Mjør. Spørsmålet kan vera om Eidfjord er bru-lystne nok til å akseptera frieriet, med det mislykka tvangsekteskapet med Ullensvang frå 1964 friskt i minne. Det enda med skilsmisse i 1977.