regjeringssamarbeid mellom desse partia. Snakk om å gløyme innhaldet i eige slagord og lovnader frå valkampen! Då reiste Ap-leinga landet rundt og snakka om fellesskapsløysingar, folkestyre, distriktspolitikk og ein aktiv næringspolitikk under slagordet «Saman». Det var slik at enkelte var byrja å tru at dei meinte det dei sa.

I Sp høyrde me no eit Arbeidarparti som snakka om enkelte av dei verdiane som ligg oss nærast. Ein aktiv næringspolitikk, trygge og gode velferdstenester der folk ønskjer å bu. Det er slik i politikken, når det eine valet er over, ser ein fram mot neste. Når ein under valkampen høyrde eit Ap som gjerne ville føra arbeidarpartipolitikk, ikkje høgrelight, var det naturleg å tenkja regjeringssamarbeid i 2005 ut frå eit felles verdigrunnlag.

Det er berre å beklaga. Dei verdiane som Ap forfekta under slagordet «Saman», går svært dårleg i hop med EU sin ideologi som byggjer på marknadsliberalismen. EU-unionen har òg som kjent felles økonomisk politikk. Konsekvensen er, dersom Norge var medlem, ville løyvingane over statsbudsjettet i 2004 vorte redusert med 15milliardar. Det ville nok ha råka langt mykje meir enn dei «godbitane» Stoltenberg hevda å ha oppnådd med regjeringa! Som lokalpolitikar vågar eg ikkje ein gong tenkja tanken, etter å ha vore tvinga til å gjere smertefulle nedskjeringar i velferdstilbodet innan dagens økonomiske rame.

Når no Senterpartiet stiller som krav for regjeringssamarbeid at EU-søknad ikkje skal sendast, er det akkurat fordi dei verdiane som bl.a. Ap gjekk til val på under slagordet «Saman», ikkje er forreinleg med ein EU-medlemskap.

Det blir no opp til Jens og co., kva side dei kjem ut av tenkeboksen på. Skal slagordet «Saman» få eit reelt innhald etter valet i 2005?

Av Sigrid Brattabø Handegard leiar Hordaland Senterparti