OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStord

— Eg sov vel ein halvtime på furubaret under treet. Eg hadde det ikkje så ilt, sjølv om eg var bra våt, seier den 73 år gamle mannen til Bergens Tidendes nettutgåve.

Mannen var sliten, men i god form då han blei funnen av mannskap frå Røde Kors i strandkanten sør for Totland på Bømlo i halv ni-tida måndag morgon.

73-åringen fortel at han såg eit helikopter på morgonkvisten, men det var for langt unna. Mannen, som er frå Sunnfjord og bur i Bergen, er på gjesting på Moster i påska. Han var sundag i eit følgje på fire personar som var ute i det svært ulendte terrenget ved Totland for å sjå på berginga av det grunnstøytte frakteskipet «Nico».

— Eg kom ifrå dei andre, og kom så fullstendig på villspor. Det var vel tre-fire varmegrader i natt, eg var våt, men fraus ikkje så veldig. Nede ved sjøen såg eg på morgonen ein båt frå Røde Kors. Eg ropte, og straks etterpå var eg berga, seier 73-åringen.

Rundt hundre personar frå Røde Kors hjelpekorps, Bømlo lensmannskontor og frivillige var med på leitinga etter mannen, i tillegg til redningshelikopter.