Dei må no betale bøter på 30.000 kroner kvar.

I tillegg har Sunnfjord heradsrett bestemt at dei må tole å få inndrege 355 garn, samt 20 kilo hummar. Det var i fjor politiet slo til mot mennene, etter å ha motteke fleire tips om at dei dreiv ulovleg fangst på den hardt pressa hummarbestanden langs kysten. På toppen må begge mennene punge ut med 3.000 kroner i sakskostnader.

Dermed har Sunnfjord heradsrett avsagt ein dom som er heilt i samsvar med påstanden som aktor la ned under hovudforhandlingane.