Det var hausten 2001 at Selje kommune innvilga byggesøknaden om å setje opp einebustad på garden Grytting. No har politiet ilagt kommunen 100.000 kroner i bot for dei omfattande bygge— og gravearbeida i området med ti verna vikinggraver.

I tillegg må kommunen erstatte Sogn og Fjordane fylkeskommune sine utgifter på drygt 92.000 kroner med å grave ut dei to gravhaugane som vart direkte skada av byggearbeidet.

Og verne-tabben kan koste kommunen enda dyrare: Husbyggaren meiner nemleg at saka har påført han store ekstrakostnader, og har varsla nok eit erstatningskrav mot kommunen.

Ifølgje politiet har kommunen synda på fleire punkt i denne saka. Dei har ikkje varsla kulturetaten om byggesøknaden i det verna området, trass i at politiet meiner at kommunen måtte vere kjent med at det akutelle området er underlagt såkalla automatisk vern.

— Vi meiner kommunen har gjort ein heilt åpenberr og alvorleg feil i denne saka, seier politiadvokat Knut Broberg ved Sogn og Fjordane politidistrikt. - Vi har ingen grunn til å tru at kommunen har gjort dett medvite, men det er likefullt ei svært alvorleg sak.

Selje kommune har no sendt forelegget over til sine juristar, men rådmann Reidar Sandviknes seier dei truleg ikkje kjm til å vedta bota.

— Her har skjedd ein glipp hjå oss. Men vi meiner framstillinga slett ikkje har vore til vår fordel, og at nye opplysningar vil kunne endre på inntrykket, seier Sandviknes.

Han vil ikkje gå i detalj på dette no, men viser blant anna til at den aktuelle tomta var utskilt frå hovudbruket så tidleg som i 1975. Husbyggaren har gjennom lokalavisa allereie varsla sitt erstatningsøksmål mot kommunen.