SV går altså i bresjen for å ta frå dei fattigaste landa i verda for å gje til europearane. Dette er oppsiktsvekkande og skammeleg av SV.

Har dei gode meiningsmålingane drepe sjela til SV? At Ap og Frp kan finne på noko slikt, er ikkje overraskande, men at SV tek pengar frå verdas fattige og forfølgde og flyttar dei til Europa er ikkje noko anna enn utruleg.

Regjeringspartia har vore opptekne av å skjerme Afrika, Sør-Asia og Mellom— Amerika, fordi det er her ein finn dei aller fattigaste i verda. Regjeringa har heller ikkje funnet det forsvarleg å ta meir frå FN, fordi desse midlane vert nytta i heilt sentrale område i kampen mot fattigdom. Ikkje minst handlar dette om innsatsen mot hiv/aids, for utdaning og styrking av jenter og kvinners helse. På alle desse områda er FN-innsatsen heilt avgjerande. Fleirtalet på Stortinget, inkludert Ap og SV ønsker det altså annleis.

Fleirtalet si innstilling er også stikk i strid med det Stortinget tidlegare har sagt. Midlane til Balkan skulle trappast ned, og fokuset skulle no verte retta mot dei fattigaste landa i verda. At Stortinget går imot det dei har sagt tidlegare, gjer denne saka enda meir absurd.

At Sosialistisk Venstreparti er villeg til å kutte bistanden til dei fattigaste i verda - MUL-landa og innsatsen til FN - og flytte desse pengane til Europa er overraskande og svært skuffande. Eg trur nesten ikkje det eg les. Dersom SV ikkje rettar opp i dette, så må partiet slutte å late som om dei er opptekne av dei fattigaste i verda.

PER STEINAR OSMUNDNES,

LEDER I KRISTELIG FOLKEPARTIS UNGDOM (KRFU)