Likevel har SV sine to i samferdslekomiteen ikkje gjort noko for å hindra at Hardangerbrua har plass på samferdslebudsjettet for 2002.

Innstillinga frå samferdslekomiteen vart vedteken i går av Stortinget, og Hardangerbrua er med.

— Det var for risikabelt å gjera Hardangerbrua til tema for votering. Vi var redde for at KrF ville falla ned på Høgre si side, seier SVs Heidi Sørensen til Bergens Tidende.

Det ville i så fall endt med fleirtal for Hardangerbrua. Sjølv om det no ikkje galdt ja eller nei til bygging av brua, var SV redd for at eit fleirtal i ei votering om brua ville verka bindande til seinare høve.

— Men ingen må tru at vi har endra standpunkt til Hardangerbrua, seier Heidi Sørensen, og lovar at dei vil koma sterkt attende når det ber mot endeleg avgjort om nokre år.

Stortingsrepresentant Ingmar Ljones, KrF, meiner for sin del å ha merka at SV sin motstand mot brua er dempa i det siste.

— Også SV ser at det er tøft for mange utkantar. Og dei har nok merka at SVarar i Indre Hardanger er heller spake når det er snakk om Hardangerbrua, seier Ingmar Ljones.