p/> Av Kjell Underlid

Medan verda held pusten og ventar i spenning på USA og Storbritannia sine nye trekk i krigshissinga mot Irak, er det særleg eitt viktig spørsmål som har kome noko i bakgrunnen, nemleg sanksjonspolitikken mot landet. Dei økonomiske sanksjonane har lagt Irak sin infrastruktur i ruinar. Dette har mellom anna gått hardt ut over forsyninga av reint drikkevatn, og sjukehusa er av same grunn i ein miserabel tilstand. Sanksjonane medfører også at irakarane ikkje får tilgang til livsviktig medisinsk utstyr og medisinar. UNICEF og WHO konstaterer at helsetilstanden og ernæringssituasjonen er blitt dramatisk forverra som ei følgje av sanksjonane. Fleire hundre tusen irakiske barn under fem år har døydd det siste tiåret som eit resultat av desse sanksjonane og Golfkrigen. Det er dobbelt så mange barn under fem år som døyr no enn før sanksjonane vart innført. Dette kan du lese meir om til dømes på organisasjonen Voices in the Wilderness si heimeside (www.vitw.org).

Desse sanksjonane er ei vondsinna form for krigføring som tek livet av eit uhyggeleg høgt tal uskuldige. Difor må alle rettferdstenkjande menneske over heile jorda krevje at desse meiningslause, uhyrlege og moralsk forkastelege sanksjonane vert oppheva umiddelbart. Og når krigshissarane no leitar med lys og lykt etter eit påskot for å gå til ein folkerettsleg krig mot Irak for å få kloa i oljeressursane der, må ein spørje seg om ikkje folket mellom Eufrat og Tigris alt har lidd nok.