LARS MÆLAND lars.maeland@bergens-tidende.noStordVed årsskiftet er det 558 konsesjonar for skjeldyrking her til lands. Sør-Trøndelag har flest med sine 104, Hordaland kjem på fjerdeplass med 58 tett følgd av Sogn og Fjordane med 55. I juni år 2000 var det 798 konsesjonar i markedet.— Det er ein svær bunke med nye konsesjonssøknader som ventar, så interessa for skjelnæringa har på ingen måte avtatt. Snarare tvert om, , seier Gunnar Eiken, leiar for Skjellprosjektet.- Men det Fiskeridirektoratet no har gjort er å stryka ein del av dei gamle konsesjonane der det ikkje er aktiv drift, mange av dei tildelte på 80- talet eller tidleg 90-tal. Vil stiga - Ein del inaktive tillatelser er trekt inn, slik at tala no er lågare enn ved forrige oversikt i juni 2000. Deretter vil det stiga igjen når ein får behandla den store bunken søknader om nye konsesjonar, seier Anne Karin Natås, underdirektør i Fiskeridirektoratet til internettavisa IntraFish.I motsetning til ordninga med laksekonsesjonar, er det ikkje avgrensingar i talet på konsesjonar for skjeloppdrett. Det blir også tildelt skjelkonsesjonar fortløpande, og den ryddesjauen direktoratet no har gjennomført gir rom for utnytting av ledig areal til oppdrett. Anten det blir skjelnæringa som får sitt lenge varsla gjennombrot, eller områda blir nytta til laks og annan oppdrettsfisk. Stor etterspørsel - Det står mykje haustingsmoden blåskjel i sjøen for tida, men sør for Stadt har det så langt denne vinteren vore vanskar med å få skjela reine nok til å hausta dei. For tida er det stor etterspørsel etter blåskjel på den europeiske marknaden, så alt ligg til rette for å oppnå god pris straks skjela blir giftfrie. Det skjer forhåpentlegvis tidleg på vårparten, seier Gunnar Eiken.Sør-Trøndelag (104), Nord-Trøndelag (90), Nordland (80), Hordaland (58), Sogn og Fjordane (55), Troms (51), Rogaland (43) og Møre og Romsdal (38) er fylka med flest skjelkonsesjonar etter at Fiskeridirektoratets ryddesjau er gjennomført.