Heile vegprosjektet med bru og veg til Hjelmeland, var i hovudplanen 1994 kostnadsrekna til ca. 100 mill. kroner.

Asplan Viak Bergen a.s laga 30. mars 2001 ein finansieringsanalyse for forskottering av bru basert på automatisk innkrevjing av bompengar, og ei statleg medverking på minimum 14 mill. kroner (7 mill. kroner kvart år i 2006 og 2007). Bompengane ville ikkje kosta trafikantane noko, for det dreidde seg berre om sparde trafikkostnader ved at ein fekk 5 km kortare veg, og brua ville koma i staden for den trafikk— og rasfarlege Saltkjelen.

Gaular formannskap gjekk 2. mai 2001 imot bompengefinansiering, og saka kom ikkje til fylkestinget, som var positive til det. Landskjende byggefirma og bankar var villige å forskottera brua, men måtte ha garanti frå stat og fylke. Kommunen stelte seg negativ til dette.

Skal ein få byggja brua innan overskodeleg framtid, må den bompengefinansierast. Det er laga nye digitalkart for Bygstad i samband med bygging av bru og veg til den. Dette er daud kapital, dårleg samfunnsøkonomi, så lenge brua ikkje vert bygd.

Når brua er bygd, er trafikkproblema i Bygstad løyste. Resten av vegprosjektet kan venta, eventuelt byggjast ved bompengar og medverking av statlege midlar, dersom bygginga dreg ut i tid. Brua vil ifølgje finansieringsanalysen vera nedbetalt etter 12 år. Alt som trengst i første omgang er ein statleg garanti for lån av ca. 14 millionar kroner.

Det finst neppe noko meir rentabelt vegprosjekt enn Svædsundbrua, som kortar vegen på Dalsfjorden med ca. 5 km. Statens vegvesen ville ha bygd brua då vegen til Dale skulle byggjast i 1938, men Gaular kommune sa nei. Veg til Osen skulle byggjast først. Avd.ing. Erling Skaare som hadde med det å gjera, uttalte seinare at Svædsundbrua ikkje vart bygd var den største vegpolitiske tabbe som hadde vore gjort i Sunnfjord. Kommunen motarbeider brua framleis, trass i samrøystes vedtak i kommunestyret for bru, skal den ha tunnel igjennom Saltkjelen i staden for bru, som ikkje løyser noko trafikkproblem i Bygstad, og ikkje kortar vegen på Dalsfjorden nemnande. Det finst ikkje alternativ til bru. Ei forbanning kviler over bygda, så lenge brua ikkje er på plass. Her vert inga utvikling. Det er ingen som vil etablera seg her med noverande vegsamband. Trafikken til og frå Bygstad skal til Dalsfjorden eller Førde, flyplass og sentralsjukehus, ikkje til Sande.

Olav Eide